Dette biletet kan gi han prestisjepris

Thomas Morel er ein av ti finalistar til prestisjeprisen Hasselblad masters som vert delt ut av den svenske kameraprodusenten med same namn.

Gå til forsiden

«Bald Eagle» av Thomas Morel

"Bald Eagle", Thomas Morel

«Bald Eagle» av Thomas Morel

3 bilder

    – Det er faktisk litt absurd fordi at eg i alle år har sett opp til fotografar som har vunne denne prisen, fotografar eg synest er ekstremt inspirerande og dyktige. Og no er eg plutseleg sjølv ein av ti som kan vinne, seier den sjølvlærde fotografen frå Vik.

    Blant 10.000 innsende er han no ein av ti som er att i tevlinga.

    Thomas Morel

    -DETTE ER STORT: Fotograf Thomas Morel frå Vik har lenge sett opp til Hasselblad-vinnarane.

    Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd

    – Berre dette er ein stor siger for min del. Det er jo heilt fantastisk, og gir ei vanvitig god kjensle.

    Han starta si eiga fotobedrift som 18-åring, og har seinare gjort det godt innan foto, med mange oppdrag og fleire gjeve prisar.

    – Fotoverda sin Oscar

    – For dei som ikkje jobbar i fotobransjen, så er det jo litt vanskeleg å forstå kor stort dette er. Kva betyr dette for ein fotograf?

    – Det er sikkert individuelt, men for meg finst det ingenting større enn Hasselblad masters awards. Med den statusen kameramerket og konkurransen deira har, så er dette det største som kan skje i min bransje. Du kan sei det er fotoverda sin Oscar.

    Dei ti finalistane vart valde av ein internjury frå Hasselblad. No er det offentleg stemming fram til 30. september.

    – Etter det er det ein profesjonell jury som avgjer, dette vert nok ein meir teknisk del. Det vert offentleggjort 1. januar 2016.

    Mange prosjekt på gang

    "Bengal Eagle Owl" av Thomas Morel

    'Bengal Eagle Owl'

    Foto: Thomas Morel

    Heldigvis har Morel har nok å henge fingrane imedan han ventar på resultatet.

    – Eg starta jo som kommersiell fotograf, for klesmerke som Nike og Puma, men no har det blitt meir og meir utsmykkingar. Altså meir kunst, både til private kundar og offentlege rom, t.d. hotell.

    No held han på å avslutte den nye boka om Flåmsbana der han har teke alt av foto.

    – Den førre boka kom i 2002, men no kjem den i ny utgåve med nye bilete. I tillegg smykkar eg ut eit nytt hotell i Vik, Blix hotell. Der skal eg ta nokre motiv frå Vik, og så skal eg lage ein film i tillegg.

    Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
    Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
    Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.