Hopp til innhold

Dette biletet er teke i dag

Både jordbærplanter, potteplanter og blomebed strålar framleis i all si prakt rundt om i Sogn og Fjordane.

Jordbær i november

BÆRPLUKKING I NOVEMBER: På Sandane er jordbæra framleis intakt.

Foto: Dagfinn Nyhammer

Mange vakna i dag til temperaturar godt over 10-talet, og fleire melder om hagar i full blom.

– Blømande fuchsia i november må vere ein flott haustbonus! Jordbæra både blømer og har bleikraude bær. I det heile kan det med 15 plussgrader på morgonen ikkje bli betre, skriv innsendar Dagfinn Nyhammer frå Sandane.

Han kan sjå fram til ein ny runde i jordbæråkeren dei neste dagane, om det så berre resulterer i nokre halvmogne bær.

Les også: Meteorolog: – No bør du vurdere å bytte til vinterdekk

Jordbær i november

REINE SOMMAREN: Kurt Høyum frå Vik hadde også blømande jordbærplanter i dag.

Foto: Kurt Høyum

No er det vårstemning med 13 raude og litt synjavind på Bryggja.

Jonny S.

«Føneffekten»

Meteorolog Anna Reistad kunne i dag tidleg fortelje om dei uvanleg høge temperaturane.

– Vi har kome fram til 3. november, og det er framleis 15 grader ute, seier ho.

Men kvifor er det så varmt? Reistad har både ei god forklaring og eit godt namn på det heile.

– Vi ligg i ei varm luftsone, medan det i høgda er nokså sterk vind. Den sterke vinden slenger då den varme lufta ned mot bakken. Vi kallar det «føneffekt», seier ho.

Ho rår oss til å nyte det varme opphaldsvêret så lenge det varer. Mot helga blir det nemleg vått att.

– På fredag skjer det meir drastiske ting, då det nærmar seg eit djupt lågtrykk som vil gi oss mykje nedbør. Det vil difor bli ei regntung helg, seier ho.

Blomar på Sandane 3. november

SJELDAN: Også blomane let seg forvirre av dei høge temperaturane i fylket. Her ser du ei fuchsiaplante på Sandane i dag tidleg.

Foto: Dagfinn Nyhammer

Les også: Har aldri opplevd så mykje snø i juni

Varmare i fjor

Men det er langt ifrå berre no det er varmt. Hausten i fjor var endå varmare.

– I fjor var det varmare, men også våtare. I år har det vore ganske tørt, seier førstekonsulent Lillian Kalve ved Meteorologisk institutt.

Det kan vere forklaringa på at plantene framleis held seg fine. Alt i alt har det elles på Vestlandet vore ein uvanleg fin haust.

– Viss ein ser på målingane for september og oktober er det nesten to grader meir enn normalt i Bergen, samt berre halvparten av normal nedbør, seier Kalve.

Hortensia i november

BLØMER FRAMLEIS: Hortensiaen i Høyanger ser like fin ut.

Foto: Målfrid Norheim