Hopp til innhold

Meiner statsbudsjettet er godt for fylket

– Viktige kampar er vunne for Sogn og Fjordane, slår stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) fast etter budsjettforliket søndag.

Sveinung Rotevatn

NØGD: Det har vore ein krevjande budsjettprosess i haust, der klimaspørsmålet har stått i hovudfokus. Men Sveinung Rotevatn (V) meiner miljøprofilen i budsjettet er godt nok, til at Venstre kunne seie seg nøgde.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Partiet trekte seg frå budsjettforhandlingane i førre veke, men vart til slutt lokka tilbake og sat i går side om side med regjeringspartia då statsbudsjettet for 2017 vart presentert.

– Sogn og Fjordane har kome styrka ut av prosessen, meiner Sveinung Rotevatn.

Dette er bra

Stortingsrepresentanten frå Eid seier at tapskompensasjonen for fylkeskommunar er styrka med 40 millionar kroner og breibandtilskotet er styrka med 45 millionar kroner.

Trude Brosvik

DISTRIKT: Fylkesleiar i KrF, Trude Brosvik, seier partiet har hatt distrikt som hovudprioritering gjennom forhandlingane. – Eg er trygg på at budsjettet er betre enn det regjeringa la fram, men vi skulle helst hatt 60 millionar i tapskompensasjon til fylkeskommunane. Det ville vore det viktigaste for Sogn og Fjordane, seier ho.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I tillegg har regjeringa funne fram 56 millionar kroner meir til rassikring av fylkesvegar.

– Alt dette er budsjettpostar av stor viktigheit for fylket vårt. Vi brukar å få tildelt brorparten av desse midlane, og med styrkinga som no er på plass, kan vi bu oss på meir utbygging av breiband, tryggare vegar og ein styrka fylkesøkonomi, seier han.

– Tok kampane – og vann

Fylkesleiar Gunhild Berge Stang var etter forhandlingsbrotet kritisk til regjeringa sitt ultimatum på den mykje omtala bilpakken .

Ordførar i Fjaler, Gunhild Berge Stang

KAN SMILE: Fylkesleiar i Venstre, Gunhild Berge Stang, er nøgd med resultatet av haustens budsjettforhandlingar.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

I dag meiner ho fylket kan vere godt nøgde med avtalen som vart lagt fram i går kveld.

– Venstre har tatt kampane for det som verkeleg er viktig for Sogn og Fjordane – og vunne: Meir pengar til vidaregåande skule, breiband, næringsutvikling, gode skular og landbruk – og ei storstila satsing på nytt grønt næringsliv som vil tene fornybarfylket Sogn og Fjordane, seier ho.

Skiskyttarlinje i Stryn

Vidare ligg det inne 200 millionar kroner meir til regionale utviklingsmidlar, Nynorsk Avissenter i Førde blir styrka med ei ekstraløyving på 500.000 kroner. I tillegg får Norsk Fjordhestsenter i Eid reversert eit føreslått kutt på 750.000 kroner.

Stryn vgs

LANDSLINE: Stryn Vidaregåande skule får neste år midlar til å etablere landslinje for skiskyting.

Foto: Arne Vik / NRK

Rotevatn trekkjer også fram at Stryn vidaregåande skule til neste år får ein million kroner til å etablere ei landslinje for skiskyting.

Les også: Ordførar skuffa etter landsline-nei

– Dette har vore eit prosjekt vi var villige til å kjempe gjennom, fordi det er av stor viktigheit både for lokalmiljøet og for idretten nasjonalt. Skiskyttarmiljøet i Stryn er svært sterkt, og eg gler meg over at Stryn vgs. no får høve til å etablere denne nasjonale satsinga, seier Rotevatn.

Etterlyser Vik fengsel

Fylkesleiar i KrF, Trude Brosvik, er glad for at partiet hennar har nådd fram på viktige KrF-saker som familie, skule og kyrkje. Også innan landbruket meiner ho at det er viktig at BU-tilskot ikkje skal vere skattbare og at ein har fjerna tilskot til AS.

vik fengsel

NEI: Trude Brosvik er mest skuffa over at ikkje Vik fengsel fekk 20 millionar til utviding, slik både KrF og Venstre føreslo i sine budsjett.

Foto: Tone Merete Lillesvangsstu / NRK

– Eg tykkjer også det er eit viktig for distrikta at Den norske kyrkja får tilført 60 millionar kroner meir. Det er vesentleg når kyrkje og Stat skiljer lag ved nyttår, seier ho.

– Det eg er mest lei meg for, er at Vik fengsel ikkje får midlar til utviding. Det er veldig ille at Frp og Høgre, som er «lov og orden partia», ikkje ser viktigheita og heller heller vil kjøpe fengselsplassar i Nederland, seier ho.