Hopp til innhold
Statsbudsjettet 2019
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Dette betyr statsbudsjettet for oss

Oppsummert

I dag la finansminister Siv Jensen fram forslaget til statsbudsjett for 2019. Her oppsummerer vi kva følgjer dette får for Sogn og Fjordane.

  • Bondelaget etterlyser klimatiltak

    Bondelaget meiner at regjeringa ikkje tek matberedskapen på alvor i forslaget til statsbudsjett. Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, etterlyser pengar til konkrete tiltak som skal gjere bøndene betre rusta til å møte eit villare klima.

    Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag
    Foto: Benedikte Grov / NRK
  • Fryktar for trafikkstasjonane

    Fylkesleiar i Senterpartiet, Sigurd Reksnes, fryktar at talet på trafikkstasjonar i Sogn og Fjordane kan verte redusert. Han syner til at regjeringa i forslaget til statsbudsjett har sagt at vegvesenet skal omorganiserast og at det skal sparast pengar, blant anna på å redusere talet på trafikkstasjonar. – Eg fryktar no at arbeidsplassar vert flytta ut av fylket nok ein gong, seier Reksnes.

    Sigurd Reksnes
    Foto: Odd Helge Brugrand / NRK
  • – Eit krevjande budsjettframlegg

    – Dette er eit krevjande budsjettframlegg for Sogn og Fjordane fylkeskommune, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i ei pressemelding. – Eg håpar at stortingsfleirtalet vil styrke løyvinga til regional utvikling. Den har systematisk har vorte redusert siste åra. Fylka må få full kompensasjon for renter ved ferjeavløysing, og eg håpar på ei oppstartsløyving til museumsprosjektet Kløften ved Sunnfjord museum.

    Jenny Følling i korridorane på Sunnfjord Hotell
    Foto: Aleksander Åsnes / NRK
  • Vil styrkje distriktsbutikkane

    Regjeringa ønskjer å styrke satsinga på dei små nærbutikkane i distrikta. I forslaget til statsbudsjett føreslår dei å auke løyvingane til Merkur-programmet med nær 50 millionar kroner. Merkur er eit statleg utviklingsprogram som har som må å utvikle små butikkar i utkantane. I tillegg vil regjeringa heller ikkje gje fylkeskommunane ansvaret for denne satsinga, slik eit ekspertutval har føreslege.