Hopp til innhold

Dette betyr statsbudsjettet for deg

Finansministeren meiner budsjettet sikrar arbeid og velferd for alle. Slik vil budsjettet påverke din personlege økonomi.

Statsbudsjett

Statsbudsjettet får konsekvensar for oss alle.

Foto: NRK Sogn og Fjordane

  • Kva meiner du om statsbudsjettet for 2011? Skriv kommentar i feltet under.

Forslaget til statsbudsjett for 2011 vart i føremiddag lagt fram, og får konsekvensar for oss alle. Nokon er glade i dag, og andre er svært skuffa over tala som har kome på bordet.

Skatter og avgifter blir som i dag, medan regjeringa satsar på betre vegar og jernbane. Tobakk og alkohol blir dyrare. Drivstoffavgiftene blir ikkje rørt, men NRK-lisensen blir dyrare.

(Artikkelen held fram under biletet)

Video Statsbudsjettet 2010

Finansminister Sigbjørn Johnsen la i dag fram statsbudsjettet.

Foto: NRK1

Alkohol og tobakk

Avgifta på snus og skrå blir auka med ti prosent, medan avgifta på andre tobakksvarer aukar med fem prosent. Avgifta på alkohol går opp med fem prosent reelt.

Regjeringa vil kreve inn 630 millionar kroner ved å sette opp avgiftene på alkohol og tobakk. Dei auka avgiftene vil føre til at ein sekspakning med 0,33 liter øl vil koste 3,05 kroner meir. Ei flaste brennevin vil bli 15,05 kroner dyrare.

– Dette er ei gåvepakke til smuglarane, seier Vin- og brennevinleverandørenes forening.

Barnehage

Regjeringa skal satse på å utvide forsøket med gratis kjernetid i barnehagane. Dei har satt av 68,8 millionar kroner til formålet i 2011. Det er ei auke på sju millionar kroner i forhold til årets budsjett.

Regjeringa vil vidareføre makspisen på 2 330 kroner per månad for ein heiltidsplass i barnehage.

Dei vil gi private barnehagar 91 prosent av tilskotet som kommunale barnegarar får, noko som er ei uake frå 88 prosent i dag.

NRK-lisens

NRK-lisensen aukar med 40 kroner til 2478 kroner i året.

Dette er mindre enn NRK hadde bedt om, og dette vil føre til kutt i programtilbodet, seier kringkastingssjef Hans Tore Bjerkaas.

Drivstoff og bil

Regjeringa rører ikkje drivstoffavgiftene, men skal halde fram med å gjøre det meir gunstig å kjøpe lågutsleppsbilar.

Eingangsavgifta, som nybilkjøparane må ut med til staten ved nybilkjøp, er i dag satt ut frå bilens vekt, motoreffekt og CO2-utslepp.

Helsevesen

Regjeringa aukar midlane til pasientbehandling med 970 millionar kroner.

Regjeringa har satt av 222 millionar kroner til investeringstilskot for å opprette 2 000 heildøgns omsorgsplassar for å sikre full sjukehjemsdekning innan 2015.

Dei vil auke eigenandelen på legehjelp, psykologhjelp, poliklinikk, legemiddel på blå resept, medisinsk forbruksmateriell og pasientreiser med 40 kroner.

Studentar

Regjeringa set av 235 millionar kroner til bygging av studentbustader i 2011. Dette skal gi 1 000 nye studentbustader neste år.

Regjeringa vil også auke talet på studieplassar på 2 200 plassar frå hausten 2010. I Sogn og Fjordane vert studenttalet auka med 15 plassar.

Boligspar for ungdom (BSU)

Dei raud-grøne vil vidareføre same beløp som i fjor. Maksimalt årleg sparebeløp er 20 000 kroner og maksimalt sparebeløp er 150 000 kroner.