Hopp til innhold

Dette betyr statsbudsjettet for deg

Regjeringa presenterer i dag sitt framlegg til statsbudsjett for neste år.

Statsbudsjettet
Foto: NRK

Slik ser Regjeringa føre seg å bruke pengar i Sogn og Fjordane i 2018:

Utdanning

Regjeringa føreslår å auke løyvinga til Høgskulen på Vestlandet (HVL), som mellom anna har studiestad i Sogn og Fjordane, med 1,7 millionar kroner til 40 studieplassar i IKT.

Forsking

Regjeringa vil styrke innsatsen innan havbruksforsking og kunnskap om nye marine artar, og føreslår å auke løyvinga med 14 millionar kroner i 2018. Regjeringa føreslår i tillegg å løyve 11 millionar kroner til eit forskingstokt til Antarktis. Regjeringa føreslår å redusere Havforskingsinstituttet si ordinere driftsløyving med ti millionar.

Sysselsetting

Regjeringa føreslår å vidareføre tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk. I 2016 var kring 430 sjøfolk frå Sogn og Fjordane omfatta av tilskotsordninga.

Næring/innovasjon

Regjeringa føreslår å løyve totalt 50 millionar kroner for å stimulere innovasjon og næringsutvikling i landbruket. Av desse blir 3,8 millionar kroner delt ut i fylkesvise utgreiings- og tilretteleggingsmidlar (UT-midlar) til Sogn og Fjordane fylke.

Regjeringa føreslår i statsbudsjettet for 2018 i overkant av 4,3 milliardar kroner meir til næringsretta forsking og innovasjon enn i 2013, inkludert utrekna skattefrådrag for skattefunnordninga og kapitalfunn. Kapitalfunn er ei ny skatteinsentivordning for investeringar i oppstartselskap som vart vedteken i revidert nasjonalbudsjett 2017.

Ordningane er landsdekkande, og verksemder i Sogn og Fjordane kan søkje om pengar. Meir forsking og utvikling i næringslivet gir nye produkt og tenester, som igjen gir ny verdiskaping og vekst.

Klima

I 2016 vart det oppretta ei tilskotsordning for kommunale klimatiltak «Klimasats» i Miljødirektoratet. I 2017 vart det løyvd 150 millionar kroner. Alle fylke har fått midlar til ulike prosjekt. Regjeringa føreslår å vidareføre ordninga med ei løyving på nær 107 millionar kroner i 2018.

Miljø

Regjeringa føreslår å løyve 18,6 millionar kroner til å dekke ekstraordinære utgifter i 2018 for å kome til livs med den dødelege skrantesjuka som er blitt oppdaga hos villrein i Nordfjella. Innan 1. mai 2018 skal alle dyra i Nordfjella villreinområde, sone 1, bli avliva. Deretter skal ein førebu etablering av ein ny villreinstamme i området.

Vatn/flaum

Regjeringa føreslår å løyve 975 millionar kroner til Norges vassdrags- og energidirektorats (NVE) forvaltingsområde. NVE har ansvar for å forvalte dei innanlandske energiressursane og er nasjonal reguleringsmynde for elektrisitetssektoren. NVE har hovudkontor i Oslo og regionkontor mellom anna i Førde.

Regjeringa føreslår å løyve 254 millionar kroner til førebygging av flaum- og skredskadar, der kring 203 millionar kroner til å gjennomføre kartleggings- og sikringstiltak. Førebels oversikt viser at kartleggings- og sikringstiltak i Sogn og Fjordane vil bli prioritert

Regjeringa foreslår å løyve 254 millionar kroner til førebygging av flaum- og skredskadar, der om lag 203 millionar kroner til å gjennomføre kartleggings- og sikringstiltak i Sogn og Fjordane blir prioritert i 2018, då skredsikring av Stadheimselvi i Vik kommune og flaumsikring i Gloppen kommune og Stryn kommune.

Veg

Regjeringa føreslår å løyve 35,9 milliardar kroner til vegføremål i 2018. For Sogn og Fjordane gjeld dette:

E39 Stavanger–Bergen–Ålesund med tilknytingar

  • Restfinansiering av utbygginga av E39 på strekningane Dregebø – Grytås og Birkeland – Sande nord i Gaular. Prosjekta omfattar mellom anna bygging av to delstrekkjer på totalt kring ni kilometer.

E39 Bjørset–Skei, Jølster kommune

  • Prosjektet omfattar utviding av eksisterande veg til 8,5 meter vegbreidde og utretting av svingar. Prosjektet omfattar også utbetring av eit skredpunkt. Anleggsarbeida starta i mars 2017, og prosjektet er venta opna for trafikk i juni 2019. Regjeringa føreslår 190 millionar kroner i 2018.

E39 Farsund-Kussli, Askvollkrysset, Førdepakken og Svidalsneset

  • Byggje gang- og sykkelveg langs E39 på strekkja Farsund–Kussli
  • Byggje om Askvollkrysset mellom E39 og fv. 609
  • Det er lagt til grunn bompengar til mindre tiltak i Førdepakken.
  • Starte arbeidet med rasteplass langs E39 ved Svidalsneset.

Skredsikring på Rv 13 Vik–Vangsnes, Vik kommune

  • Strekkja mellom Vik og Vangsnes er svært utsett for skred. Det er lagt opp til anleggsstart i februar 2018. Prosjektet er venta opna for trafikk i 2020. ventast opna for trafikk i 2020. Regjeringa foreslår 118 millionar kroner i 2018.

Rv 55 Fardal – Ylvisåker, Sogndal kommune

  • Bygginga av gang- og sykkelveg på strekkja Fardal–Ylvisåker på rv. 55 skal fullførast.

Rv 13/rv. 55 ferjekaier

  • Det skal setjast av midlar til å utbetre ferjekaier for å legge til rette for nye ferjer på sambandet Hella – Dragsvik – Vangsnes på rv. 13/rv. 55 (Leikanger, Balestrand og Vik kommunar).

E16 Sandvika – Bergen med tilknytingar

  • På rv. 5 skal det setjast av midlar til å fullføre utbygginga av Loftesnesbru i Sogndal. Anleggsarbeidet starta i desember 2015. Den nye brua er venta opna for trafikk i november 2017. Midla i 2018 vil i hovudsak nyttast til å rive eksisterande bru, samt til å byggje gang- og sykkelfelt på den nye brua.
  • Det skal setjast av midlar til å utbetre Mannheller ferjekai på riksveg 5 i Sogndal.
  • Det skal leggast opp til å bygge om kryss på riksveg 5 ved Bergum i Førde.
  • Det skal setjast av fornyingsmidlar til å utbetre Gudvanga-, Flenja, Fretheim- og Onstadtunnelane i Aurland kommune på E16.
  • Det skal prioriterast midlar til å førebu arbeid på prosjektet riksveg 5 Kjøsnesfjorden i Jølster kommune med sikte på anleggsstart i 2019.

E16 over Filefjell, Lærdal kommune

  • For å sikre rasjonell framdrift i bygginga av igangsette delstrekkjer foreslår regjeringa å løyve 119,1 millionar kroner. Utbygginga av E16 over Filefjell omfattar strekningen mellom Øye i Vang kommune i Oppland og Borlaug i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane. Regjeringa prioriterer pengar til å vidareføre utbygginga av delstrekningen Øye-Eidsbru i Oppland. I tillegg er det sett av pengar til restarbeider på prosjektet Varpe bru-Otrøosen-Smedalsosen i Oppland og Sogn og Fjordane.

Rv 15 Otta–Måløy, Vågsøy, Eid og Stryn kommunar

  • Regjeringa vil setje av midlar til tiltak for gang- og sykkelveginspeksjon på riksveg 15. Vidare er det prioritert midlar til busslommer ved Ytreeide i Stryn.

TT-ordninga – tilrettelagt transport for funksjonshemma

Sogn og Fjordane er omfatta av den statlege, utvida TT-ordninga som gir brukarar med særskilde behov, hovudsakleg rullestolbrukarar og blinde/svaksynte, rett til 200 enkeltreiser i året. I budsjettet for 2018 føreslå regjeringa å løyve 90,4 millionar kroner til ordninga, som no omfattar sju fylke. Midlane skal fordelast etter søknad frå fylkeskommunane.

Jernbane

Planlegging av ny plattform og overgang frå Rallarvegen på Myrdal stasjon på Bergensbana og Flåmsbana i Aurland skal vidareførast. Tiltaket er naudsynt for å betre tryggleiken og reiseopplevinga for passasjerane og vil gi auka kapasitet. Byggjeplanen skal gjerast ferdig i 2018.

Vedlikehald og fornying av eksisterande jernbanenett

For å leggje til rette for ein sikker og driftsstabil togtrafikk, føreslår regjeringa å løyve nær 5,2 milliardar kroner til vedlikehald av dagens jernbaneinfrastruktur, inkludert 2,1 milliardar kroner til fornyingstiltak og 925 millionar kroner til vidareføring av arbeidet med det nye signal- og sikringssystemet ERTMS. Midlane til vedlikehald er ikkje geografisk fordelt, eller spesifisert på annan måte i budsjettframlegget. Bane NOR vurderer kontinuerleg prioriteringane av vedlikehald i Sogn og Fjordane, med utgangspunkt i måla for driftsstabilitet, tilstand på infrastruktur, togtrafikk og kortsiktige og langsiktige behov.

Kyst

Tilskot til kommunale fiskerihamneanlegg

Regjeringa føreslår å løyve 31,1 millionar kroner til tilskot til kommunale fiskerihamneanlegg. I tillegg kjem tidlegare inndregne/ubrukte midlar på posten, slik at det kan fordelast 39,65 millionar kroner på posten. Av dette er det føreslått 1,72 millionar kroner til Værlandet fiskerihamn i Askvoll.

Kystruta Bergen – Kirkenes

Staten kjøper sjøtransporttenester på strekkja Bergen – Kirkenes for å sikre eit tilfredsstillande transporttilbod for passasjerar som reiser lokalt eller regionalt frå hamn til hamn, og godstransport mellom Tromsø og Kirkenes. Regjeringa føreslår å løyve 700,8 millionar kroner til drift av kystruta i 2018. I samband med utlysing av konkurransen om nytt kjøp av tenester når gjeldande avtale med Hurtigruten AS går ut, er det lagt opp til å vidareføre tenester med daglege, heilårlege og gjennomgåande seglingar.

Luftfart

Kjøp av innanlandske flyruter

Regjeringa føreslår å løyve kring ein milliard kroner til luftfartsføremål i 2018, der 725,7 millionar kroner skal setjast av til kjøp av innanlandske flyruter. Samferdsledepartementet gjekk i 2015 inn nye kontraktar for ruteflyging på følgjande ruter i Sogn og Fjordane for perioden 1. april 2016 – 31. mars 2020:

  • Førde – Oslo v.v. og Førde – Bergen v.v.
  • Sogndal – Oslo v.v. og Sogndal – Bergen v.v.
  • Sandane – Oslo v.v. og Sandane – Bergen v.v.

Elektronisk kommunikasjon

Tilskot til breibandutbygging

Regjeringa føreslår å løyve 69,7 millionar kroner til tilskot til breibandutbygging i område der det ikkje er kommersielt grunnlag for utbygging. Kommunar og fylkeskommunar kan søke om midlar. Nasjonal kommunikasjonsmynde løyver midlar til einskilde prosjekt i samarbeid med fylkeskommunane.

Tilskot til telesikkerhet og beredskap

Regjeringa føreslår å løyve 183 millionar kroner til tilskot til teletryggleik og bereskap i ei tid der trygg og robust elektronisk kommunikasjon blir stadig viktigare for folk flest, næringsliv og samfunnskritiske funksjonar i alle sektorar. Ein del av midlane går til Nasjonal kommunikasjonsmynde sitt program for forsterka ekom, som syter for forsterka elektronisk kommunikasjon i utsette kommunar.

Post

Laurdagsomdeling av aviser

Regjeringa føreslår 96,7 millionar kroner til laurdagsomdeling av aviser i distriktsområde utan avisbodnett.

Statleg kjøp av post- og banktenester

Regjeringa føreslår 165 millionar kroner til statleg kjøp som skal sikre postomdeling til dei mest kostnadskrevjande husstandane i distriktsområde, grunnleggande banktenester i landspostnettet og gratis framsending av blindeskriftsendingar.

Løyvingar til kommunane i Sogn og Fjordane

LØYVINGAR: Kommunetala for Sogn og Fjordane i statsbudsjettet.

Foto: Skjermdump / statsbudsjettet.no

Anslag på vekst i frie inntekter

Den nominelle veksten i kommunesektorens frie inntekter frå 2017 til 2018 er anslått til 2,5 prosent rekna frå anslag på rekneskap for 2017. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteanslaget for 2017 med fire milliardar kroner frå revidert nasjonalbudsjett for 2017.

Anslag på kommunesektoren sine frie inntekter i 2018 inkluderer rammetilskot og skattar i alt (inkludert inntektsutjamning). I anslaget på frie inntekter på kommunenivå er eigedomsskatt og konsesjonskraftinntekter ikkje inkludert. Inntektsveksten er vist i 1.000 kroner og i prosent rekna frå anslag på rekneskap for 2017. Vekstanslaget er korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansiering mellom forvaltingsnivå. Veksten er vist i nominelle tal.

Ved fordeling av skatteinntekter for 2017 og 2018 er det teke utgangspunkt i skattefordelinga i 2016. For den enkelte kommune og fylkeskommune er skattenivået før inntektsutjamning framskrive i tråd med veksten i det samla skatteanslaget og innbyggjartal per 1. januar 2017. Det betyr at det er venta ein lik skatteauke for alle kommunar og fylkeskommunar i anslaga.

Rekna frå anslag på rekneskap for 2017 er realveksten i kommunesektoren sine frie inntekter for 2018 rekna til -0,1 prosent. Realveksten byggjer på anslått kostnadsvekst i kommunesektoren (deflator) i 2018 på 2,6 prosent.

For nærare dokumentasjon for enkeltkommunar viser regjeringa til berekningsteknisk dokumentasjon til Prop. 1 S (2017–2018), Grønt hefte for 2018 tabell 3-fk og tabell 3-k.

Fylkesmennene har i ulik grad halde tilbake skjønnsmidlar til fordeling i løpet av året. Veksttala på kommunenivå som blir presentert her inkluderer ikkje eventuelle tilbakehaldne skjønn, noko som kan påverke vekstanslaget for den enkelte kommune. Veksten for kommunane på fylkesnivå inkluderer tilbakehaldne skjønnsmidlar.

Kommunane i Sogn og Fjordane

Vekst i frie inntekter frå 2017 til 2018

Frå 2017 til 2018 er det på landsbasis ein nominell vekst i kommunane sine frie inntekter på 2,6 prosent, rekna frå anslag på rekneskap for 2017. Kommunane i Sogn og Fjordane er samla sett venta å få ein nominell vekst i dei frie inntektene på 2,3 prosent.

I Sogn og Fjordane har åtte av 26 kommunar ein vekst som er høgare enn eller lik veksten på landsbasis. Størst vekst har Eid kommune med 4,8 prosent, medan Fjaler kommune har lågast vekst med 1,1 prosent. Vekstprosenten er rekna frå anslag på rekneskap for 2017.

Frie inntekter korrigert for variasjonar i utgiftsbehov

Sett under eitt hadde kommunane i Sogn og Fjordane i 2016 utgiftskorrigerte frie inntekter på landssnittet. Når ein samanliknar kommunane sine inntekter korrigert for variasjonar i utgiftsbehov, tek ein omsyn til at dei venta kostnadane ved å produsere tenester varierer stort mellom kommunane.

I Sogn og Fjordane hadde 17 av 26 kommunar utgiftskorrigerte frie inntekter som var høgare enn eller lik landssnittet. Variasjonar i inntektsnivå kommunane imellom har hovudsakleg samanheng med variasjonar i skatteinntekter, regionalpolitiske tilskot og skjønnstilskot.

Finansielle indikatorar

Netto driftsresultat viser kva kommunane/fylkeskommunane sit att med av driftsinntekter når alle driftsutgifter inkludert netto renteutgifter og lånefrådrag er trekt frå. Netto driftsresultat kan anten brukast til finansiering av investeringar eller settast av til seinare bruk. Ifølgje Det tekniske berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) bør netto driftsresultat over tid ligge på kring 1¾ prosent av driftsinntektene for kommunane samla.

Kommunane i Sogn og Fjordane hadde i 2016 i snitt eit netto driftsresultat på 3,0 prosent av driftsinntektene. Landssnittet for kommunane inkludert Oslo var 4,0 prosent.

Netto lånegjeld viser kommunane/fylkeskommunen si langsiktige gjeld minus totale utlån (vidareformidling av lån) og ubrukte lånemidlar, og er eit uttrykk for gjelda som må dekkast av kommunane sine ordinære inntekter. Kommunane i Sogn og Fjordane hadde i snitt 84.675 kroner per innbyggjar i netto lånegjeld i 2016. Landssnittet var 63.977 kroner per innbyggar.

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vekst i frie inntekter frå 2017 til 2018

Frå 2017 til 2018 er det på landsbasis ein nominell vekst i fylkeskommunane sine frie inntekter på 1,9 prosent, rekna frå anslag på rekneskap for 2017. Sogn og Fjordane fylkeskommune er venta å få ein nominell vekst i dei frie inntektene på 0,8 prosent (frå anslag på rekneskap for 2017) i 2018.

Finansielle indikatorar

Ifølgje det tekniske berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) bør netto driftsresultat over tid ligge på kring fire prosent av driftsinntektene for fylkeskommunane samla.

Sogn og Fjordane fylkeskommune hadde i 2016 eit netto driftsresultat på 6,9 prosent av driftsinntektene. Landssnittet utan Oslo var 5,0 prosent.

Netto lånegjeld for fylkeskommunen var 19.238 kroner per innbyggjar. Landssnittet utan Oslo var på 11.392 kroner per innbyggjar.