NRK Meny
Normal

Dette betyr ruskevêr og trøbbel på tysdag

Planar om fjelltur eller langtur i bil på Vestlandet tysdag? Skal ein tru meteorologane bør du kanskje finne på huslege sysslar i staden.

Lågtrykk vil skape mykje vêr på Vestlandet komande veke.
Foto: Meteorologisk institutt

- Det blir full storm langs kysten og kraftig vind i fjellet, også der kan det kome opp i full storm. I indre og høgare strøk har det då truleg også kome ein del snø, så det vil bli ufyseleg mange stader, seier statsmeteorolog, Gunnar Livik.

Årsaka til det ruskete vêret som ventar Vestlandet komande veke er eit kraftig lågtrykk som no ligg vest for Grønland. Lågrtykkssenteret blir truleg ikkje så nærgåande, men frontane kjem inn over Vestlandet med høg intensitet.

- Det er spesielt tysdag ettermiddag og kveld at det er venta sterkare vind, seier Livik.

Gunnar Livik, meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet

RUSKETE: Folk på Vestlandet må bu seg på kraftig vind og nedbør både i form av regn, sludd og snø på tysdag, seier statsmeteorolog, Gunnar Livik.

Foto: Meteorologisk institutt

Søndag og natt til måndag var det også varsla heftig og langvarig torevêr. Det vil halde fram i veka som kjem.

- Når kald luft går over relativt vartm hav, så er det ein tommelfingerregel i denne sesongen at det er utrygt for torden, forklarar meteorologen.

Ruskete på fjellovergangane

Heller ikkje starten på veka er av det klåre og rolege slaget, men det kjem kanskje eit lite opphald i bygevêret tysdag før vinden og nedbøren på ny tek over for fullt. Meldingane gjeld kysten av Vestlandet og fjellstrøka nord for Bergen til Stad. Men også på Søre Sunnmøre kan ein få gode unnskuldingar for å halde seg innandørs.

- Det er mykje vêr i vente. På fjellovergangane kan det bli veldig rufsete føre med dårleg sikt. På kysten ser det ut som nedbøren er venta som regn, men vi kan ikkje sjå vekk i frå at det kjem sludd også i ytre strøk.

Frå onsdag skal vinden avta noko og dreie mot vest, men det er framleis venta liten og stiv kuling, men då frå vest eller sør-vest.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.