Hopp til innhold

Dette betyr budsjettet for fylket

Her kan du sjå kva som står om Sogn og Fjordane i Statsbudsjettet.

Statsbudsjettet
Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Finansminister Kristin Halvorsen (SV) la i dag fram Regjeringa sitt framlegg til Statsbudsjettet for 2008. Ei rekkje punkt omfattar tiltak i Sogn og Fjordane:

Meir vern

- Løyvingane til verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap aukar med to millionar kroner. Kommunane i dei to verdsarvområda har utarbeidd ein analyse og eit framlegg til tiltaksplan med eit bredt spekter spekter av tiltak for å ivareta kulturlandskapet.

- Regjeringa føreslår at stavkyrkjeprogrammet vert vidareført. Arbeid pågår i Borgund, Urnes og Hopperstad. Restaureringsarbeid på Undredal er planlagt i 2008.

- Det er føreslått ein million kroner til arbeidet med å konservere dekoren i Kaupanger stavkyrkje.

- Værlandet sjøfuglsenter ligg inne med ein million kroner.

- Ålfotbreen og Naustdal/Gjengedal er i nasjonalparkplanen føreslått verna i løpet av 2007 og 2008.

- I løpet av hausten 2007 og 2008 er det planlagt vernevedtak i samband med verneplan for edelløvskog.

Meir til folkemusikk og opera

- Flora og Hornindal er pilotkommunar når ”Handlingsplanen for universell utforming 2005-09” vert vidareført på same nivå som i 2007. Det betyr 20 millionar kroner for heile landet.

- Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og Opera Nordfjord får i budsjettframlegget ein auke på 600.000 kroner kvar. Sogn og Fjordane Kunstmuseum ligg inne med ein auke på 200.000 kroner, der ein million kroner er til kunstinnkjøp.

- Regjeringa føreslår å løyve 227,9 millionar kroner til Høgskulen i Sogn og Fjordane. Vidare er det lagt inn halvårsverknad av to stipendiatstillingar frå hausten 2008.

- Regjeringa føreslår å løyve 10 812 millionar kroner over post 73 til Helse Vest RHF for 2008.

Utvidar Vik fengsel

- Regjeringa vil utvide Vik fengsel med sju nye plassar med lågare tryggleiksnivå.

- Justisdepartementet vil i 2008 ta initiativ til å etablere to prosjekt etter KrAmi-modell, der den eine er ei utviding av ”Tenk tryggleik” i Årdal, slik at fengsel og friomsorgskontor også deltek aktivt. KrAmi er eit svensk samarbeidsprosjekt mellom kriminalomsorga, sosialhelsetenesta, arbeidsetaten og/eller utdanningsstyresmaktene med sikte på å hjelpe tidlegare innsette med jobb eller utdanning.

- Regjeringa føreslår å opprette ein ny redningshelikopterbase i Florø med tilstadesvakt frå oppstart 1. Januar 2009. Grunnarbeidet skal ta til i 2008.

Samferdsle

Regjeringa gjer framlegg om ei rekkje investeringar og tiltak på riksvegnettet i Sogn og Fjordane, både på stamvegane og på andre riksvegar:

- Innanfor investeringsramma for E39 Bergen – Oslo, med tilknyting, er det lagt til grunn 46,5 millionar kroner i statleg tilbakebetaling av forskott som tidlegare er motteke frå lokalt hald til utbygging av riksveg 5 mellom Førde og Florø. Arbeidet vart gjort ferdig i 2005.

- Regjeringa set av 95 millionar kroner til prosjektet E16 Borlaug – Voldum i budsjettframlegget. Prosjektet omfattar 8,5 kilometer ny veg i Lærdalen, medrekna 1,9 kilometer tunnel og tre bruer. Prosjektet kortar ned E16 med om lag to kilometer, og skal etter planen opnast for trafikk i juni 2008. For stamvegstrekka riksveg 7/riksveg 52 Hønefoss – Gol – Borlaug føreslår Regjeringa ei statleg investeringsramme på 32,1 millionar kroner. Midlane skal nyttast til mindre investeringstiltak, med hovudvekt på mindre utbetringar og tiltakt for å gjere trafikken tryggare.

- Til riksvegar utanom stamvegnettet er det føreslått ei statleg investeringsramme på 237 millionar kroner, medrekna 160 millionar til rassikring. I tillegg er det rekna med at Sogn og Fjordane får stilt til rådvelde 112 millionar kroner i bompengar og forskott.

- Det er i tillegg prioritert fleire mindre investeringstiltak, med hovudvekt på mindre utbetringar, trafikktryggingstiltak og bygging av gang- og sykkelevegar. Det er rekna med 16 millionar kroner i forskott til bygging av gang- og sykkelveg langs riksveg 611 i Naustdal kommune.

- Det er foreslått at det neste år blir sett av midlar til rassikring på strekka Gottberg – Kapellneset. Prosjektet blir opna for trafikk i oktober i år.

- Innan rassikringsmidlane har Regjeringa føreslått prioritert vidareføring av rassikring av riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden (Hammarsgrovi – Stølsneset). Prosjektet omfattar bygging av 3,4 kilometer ny veg, medrekna 2,6 kilometer tunnel. Anleggsarbeidet tok til i august i år.

Rassikring i Sogn

- Til rassikringsprosjektet Fatlaberget på riksveg 55 er det føreslått å sette av 90 millionar kroner, medrekna 30 millionar kroner i bompengar.

- Samferdsledepartementet har slutta seg til eit opplegg der Årdal kommune får høve til å forskottere anleggskostnadene for rassikringsprosjektet riksveg 53 Naustbukttunnelen og Øvre Årdalstangen. Opplegget er i tråd med søknad frå Årdal kommune og seinare vedtak i Sogn og Fjordane fylkeskommune. For neste år er det lagt til grunn 56 millionar kroner i forskott frå Årdal kommune til anleggskostnader for dette rassikringsprosjektet. Kommunen legg til grunn at tilbakebetaling skal skje i 2013.

- I budsjettframlegget er det lagt til grunn 10 millionar kroner i forskott frå Luster kommune til rassikringsprosjektet riksveg 55 Gullringen mellom Dale og Skjolden. Samferdselsdepartementet har slutta seg til opplegget, som er i tråd med søknad frå Luster kommune og seinare vedtak i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Anleggsarbeidet skal ta til hausten 2008.

Vil gjere Gunhildvågen djupare

- Det er lagt opp til ei løyving på 81,08 millioner kroner (70,41 millioner kroner i 2007) til regional utvikling over kapittel 551, post 60. Løyvinga inkluderer midlar til ei ny støtteordning for små nyetablerte vekstverksemder (NyVekst).

- Regjeringa har frå 2007 gjeninnført ordninga med regionalt differensiert arbeidsgjevaravgift. Dei områda som ikkje har fått gjeninnført 2003-satsane fullt ut, blir kompensert. Midlane blir fordelt ved årsskiftet når departementet har berekna den fylkesvise kostnadsauken for 2008.

- Regjeringa føresler å sette av 10 millionar kroner til utdjuping av farlei i Gunhildvågen, Flora kommune.

Les meir: Slik vert du påverka av statsbudsjettet