Hopp til innhold

Åtte personar pågripne i stor amfetaminsak

Dei siste to månadane har politiet i Sunnfjord stogga det dei meiner er ein betydeleg distributør av amfetamin.

Lensmannskontoret i Førde

ETTERFORSKA: Politiet i Førde og Naustdal har siste to månadane etterforska ei større narkotikasak i Sunnfjord.

Foto: Oddleif Løset / NRK

På bustaden til ein sunnfjording i 30-åra fann politiet 200 gram hasj og 250 gram amfetamin.

Beslaget har ein verdi av 185.000 kroner. Totalt omfattar saka 2.200 brukardosar narkotika.

– Mannen har erkjent kjøp av 400–500 gram hasj, og 300 gram amfetamin, samt sal og litt bruk, seier straffesaksansvarleg ved Førde og Naustdal lensmannskontor, Rognald Dvergsdal.

– Betydeleg distributør

Mannen som politiet reknar som hovudmann, har sete varetektsfengsla i seks veker med brev- og besøksforbod. Han slapp nyleg ut frå fengsel. I mellomtida er ytterlegare sju personar sikta i saka.

Amfetaminbeslag i Førde

BESLAG: Politiet fann amfetamin verdt kring 125.000 kroner heime hos sunnfjordingen. Styrkegraden på stoffet er førebels ikkje påvist.

Foto: Politiet

Politiet meiner å ha stogga ein betydeleg distributør av amfetamin i regionen. Salet skal ha føregått dei siste par åra. Saka er stor i lokal målestokk.

– Narkotika er samfunnsskadeleg, og vi ynskjer å få det vekk frå marknaden. Når det er så store beslag og ser at det har gått føre seg over fleire år, så er det sjølvsagt viktig for lokalsamfunnet å få det vekk, seier Dvergsdal.

250.000 kroner

Mannen har erkjent kjøp av kring 1.500 brukardosar amfetamin, og vel 700 brukardosar hasj. Samla har narkotikaen ein gateverdi på kring 250.000 kroner.

NRK kjenner til at mannen har jobba i utelivsbransjen og har overlevert narkotika på jobb. Politiet vil ikkje spekulere i kor utbreitt dette har vore.

– Vi har dokumentert kontakt direkte med kjøparar, mellom anna på telefon, og så er dette overlevert. I høve til utelivsbransjen, så er det vanskeleg å seie om salet er ein direkte følgje av at han har jobba der, seier Dvergsdal.

Vil gjere opp for seg

Mannen er sikta for brot på straffelova paragraf 232, grovt narkotikalovbrot og brot på legemiddellova paragraf 31. Strafferamma er fengsel i to år. Mannen har i avhøyr erkjent straffskuld og har samtykka til varetektsfengslingane.

Hasjbeslag i Førde

BESLAG: Hasjen var merkt med «OSLO». Politiet fann 200 gram, som tilsvarar kring 60.000 kroner.

Foto: Politiet

Forsvarar Ivar Hauge ynskjer i utgangspunktet ikkje kommentere saka, men seier klienten hans har samarbeidd med politiet.

– Han har vore imøtekommande overfor politiet fordi han ynskjer å få ting på plass og bli ferdig med saka, seier Hauge.

Fleire nye namn

Dei fleste av namna i saka er nye for politiet. Dei fleste har erkjent kjøp og bruk og får sakene truleg avgjorde som tilståingsdom.

– Dei pågripne er av begge kjønn, frå midten av 20-åra til 50-åra og busette i Førde og omland. Dei fleste er nye, men saka viser at dei har kjøpt og truleg brukt narkotika siste par åra, seier Dvergsdal.

– Vi ser føre oss at saka ganske snart er ferdig etterforska og då blir oversendt for påtaleavgjerd, seier Dvergsdal.