Hopp til innhold

Dette er grunnen til at ikkje heile E39 er salta

Har du lurt på kvifor nokre vegstrekningar er snø- og isfrie, mens andre strekningar, langs same vegen, har full vinter? Det har ingenting å seie at du køyrer på ein europaveg.

Created by InfoDispatcher

VINTER: Det er slett ikkje salta overalt, sjølv om du køyrer E39. Foto: Steinar Lote Redigering: Steinar Lote/Johan Moen.

– Det er litt isete, og det kan vere litt glatt. Sjølv om det ser bra ut så hender det

av og til at asfalten er ganske glatt. Så eg er litt forsiktig i svingane, seier dagpendlar Arne Rørvik.

Han køyrer på skiftande vinterføre. Framfor seg har han fire mil med europaveg.
Sjølv om han køyrer hovudvegen på Vestlandet, E39, så er det korkje is- eller snøfritt.

Først når han kjem til dei siste kilometrane inn til Førde, er vegane frie for is.

Arne Rørvik

MEIR SALT: Pendlar Arne Rørvik skulle gjerne sett at heile E39 vart salta.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Etter mi meining burde det vore salta slik at vegen var rein og fin, seier Rørvik.

Deler vegane inn i tre kategoriar

Men Statens vegvesen deler vegane i vinter-Norge inn i tre kategoriar.

  • Is- og snøfrie vintervegar
  • Salting ved rim og berrfrost
  • Vintervegar

– Det er minus ti her. Her i Årbergsdalen er det alltid kaldare, seier Rørvik.

For i Gaular, der Rørvik pendlar ifrå, er det ofte snø, og nettopp klima er ein av grunnane til at det ikkje er krav til isfri E39 her.

– Ein av grunnane er at det er klimatisk dårlegare forhold til å salte. Det er betre forhold rundt Førde-området, det er mildare klima og meir trafikk, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Lars Erik Karlsen.

– Så dette er ein kombinasjon av trafikk og klima?

– Ja, seier Karlsen.

(Artikkelen held fram under kartet)

Kart Region Vest

HER SALTAR DEI: Dei grøne vegane skal vere snø- og isfrie, dei gule vert salta ved rim- og berrfrost, og dei raude er såkalla vintervegar.

Foto: Skjermdump Statens vegvesen

Meiner saltet gjer vegane tryggare

Vi meiner at salt er med på å gjere vegane våre tryggare, men heilt trygge blir dei aldri. Det er opp til bilistane å vurdere køyretilhøva, uansett kva tiltak vi gjer, seier Karlsen.

Å salte alle vegar er ikkje eit alternativ.

– Vi har auka på med salting i forhold til då vi starta med det. Og ulykkesstatistikkar syner at salt har effekt. Men strategiane om kor vi skal salte, og korleis, vert lagde av Vegdirektoratet, seier Karlsen.

Lars Erik Karlsen

KLIMA AVGJER: Prosjektleiar i Statens vegvesen, Lars Erik Karlsen fortel at klima og trafikk avgjer kor det vert salta.

Foto: Øystein Torheim / NRK

Mellom anna ser Vegvesenet god effekt der dei saltar preventivt, altså før det frys på.

Det som avgjer kva vegar som vert salta er først og fremst trafikkmengda.

– Hovudvegane vert drifta mest og best av oss, seier Karlsen.

Det er sjåføren som har ansvaret

Men han held fram at det til sjuande og sist er bilisten som må vurdere køyretilhøva.

– Vi skal prøve å gjere vår jobb, og vi kan også gjere feil. Men det må bilisten ta inn over seg og gjere vurderingar ut ifrå det, seier Karlsen.

– Blir einskilde overraska over at ein kan oppleve svært forskjellige køyretilhøve sjølv om ein er på same vegnummer?

– Det som gjer at vi ikkje saltar til dømes langs Jølstravatnet og i Våtedalen, er fordi det der er klimatisk dårlegare forhold for salting, seier Karlsen.

Det vert no sett på om det kan late seg gjere å salte endå meir av E39 i Sunnfjord.

– I første omgang vurderer vi Førde-Skei, seier Karlsen.

Strør på einskilde punkt

Men sjølv om det ikkje vert salta langs heile E39, så vert det strødd innimellom.

– No skal vi punktstrø. Her har vi køyrt friksjonsmålingar, og då finn vi ut kor det er glatt, og då må vi punktstrø, seier Bjørn Moen i E. Opedal og Sønner AS.

Pendlar Rørvik nærmar seg Førde. Ned Halbrendslia skal vegen vere isfri.

– Her ser det ut som det er reint på vegen. Viss dei skal prioritere, så bør dei prioritere Halbrendslia og opp til Langeland. Viss dei ikkje kan ta alt då. Helst ville eg hatt berr veg, seier Rørvik.