Detonerte eksplosive krigsminne

Dei seks tyske granatane som vart oppdaga i ei sjøbu i Kalvåg, vart fredag ettermiddag uskadeleggjort.

På sikkert vis frakta tre menn frå Minedykkarkommandoen på Haakonsvern granatane til skytebana i Kalvåg, der dei vart detonert.

SJÅ: Sjå bileta frå eksplosjonen

- Dei sa det vart ein liten smell, men det small, ja. Det var iallehøve mykje meir enn vi hadde venta, seier Ingolf Røys, som er entreprenøren som kom over granatane.

Tyske lysgranatar

Detonerte granatar i Bremanger.

Etter vel 60 års

Foto: Egil Totland

Røys fann granatane under riving av ei sjøbu i Kalvåg . Fredag tok militæret over oppgåva med å detonere dei. Granatane vart sikra og lagt forsvarleg i ei kasse med sand, før dei vart frakta til ei myr ved skytebana i Kalvåg. Granatane vart historie ved hjelp av sprengstoffet HMX.

- Dei fann ut at det var tyske lysgranatar, 105 mm. Mest truleg er dei frå krigsåra. Det var ein del fort kringom her og ein skal ikkje lenger enn til Berle, seier Røys.

- Gjorde det rette

Han prisar seg lukkeleg over at han med det same varsla politi og at militæret vart bedne om å ta hand om granatane.

- Rakettane inneheldt mellom anna fosvor. Det er ingen tvil om at vi gjorde det rette med å ikkje gjere ting sjølve. Slike granatar kan gå av av seg sjølv. Dei kan tole ein del, men dei kan også tole lite. Når dei har ligge så lenge er det uvisst kor mykje dei toler, seier han.

Meld ifrå til politiet!

Detonerte granatar i Bremanger.

Slik såg lysgranatane ut.

Foto: Egil Totland

Granatane vart lagt med sprenglegemet ned, kring halvmeteren ned i ei myr. Eit krater på kring 1,70 meters breidde vitnar om eksplosjonen. Delegasjonen frå minedykkarkommandoen understrekar at slike funn bør handterast av profesjonelle folk.

- Dersom folk finner sprengstoff etter krigen, så ta kontakt med det lokale politiet, lyd oppmodinga.