Hopp til innhold

Det vert ingen fusjon med Norled

Det informerer leiinga i Fjord1 på eit pressemøte i Florø i dag. Dei oppgir ulik verdivurdering av selskapa som hovudgrunnen.

Reidar Sandal, Dagfinn Neteland, ...

FUSJONERER IKKJE: Styreleiar Reidar Sandal, direktør Danfinn Neteland og teknisk direktør Deon Mortensen i Fjord1.

– Vi er skuffa, men ikkje slagne. Vi ser at det hadde vore ei utruleg god løysing for heile Vestlandet med eit stort selskap som kunne hatt musklar til å utvikle seg på ein positiv måte, seier Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1.

Usemje om verdivurderinga

Det var i mars det kom fram at ferjeselskapa Norled og Fjord1 hadde inngått ein intensjonsavtale om å greie ut grunnlaget for ei mogleg samanslåing.

Nyhenda kom svært overraskande på fylkespolitikarane som på si side har vurdert å selje seg ut av Fjord1, der dei no sit på 59 prosent av aksjane.

I tillegg har det vore mykje diskusjon om kor mykje fylkesordførar Åshild Kjelsnes skal ha visst om planane før resten av fylkespolitikarane fekk vite om det.

NRK har denne månaden avdekka at Kjelsnes møtte Fjord1-leiinga til middag i Oslo før fusjonssamtalane.

– Vi hadde jo håpt at vi skulle få det til, vi har jobba lenge med dette og intensjonen har vore klar heile tida, men til sjuande og sist er det verdivurderinga det dreiar seg om og vi har ikkje heilt samanfallande syn på det. Så får vi sjå kva som skjer, seier Neteland.

– Vi har ikkje sett punktum

– Kor mykje har eigarane, altså fylkeskommunen, sin eventuelle salsprosess hatt å seie for fusjonsarbeidet?

– I Fjord1 har vi så lenge eg har vore i styret, sidan sommaren 2012, arbeidd med strategiske spørsmål, altså å utvikle selskapet. På eit eigarmøte 1. november 2013 orienterte vi eigarane våre om ulike vurderingar, alternativ og kandidatar for å sla saman eller gjere nye grep. Vi vart kjende med utgreiingsarbeidet til fylkeskommunen i fjor haust. Der vart vi ikkje spurte, men vi har heile tida vore opptekne av at dette ikkje skal vere noko hinder for vårt strategiske arbeid, seier Reidar Standal, styreleiar i Fjord1.

For verken Neteland eller styreleiar Reidar Sandal vil sei at dei med dette har sett punktum.

– Vi trur at konkurransesituasjonen er slik at det vil kome ei konsolidering i næringa. Krava til kapital vil berre tvinge seg fram. Det går i alle fall frå fire til tre, det er vi rimeleg sikre på. Fjord1 vil vere i front. Vi er der i dag, og den posisjonen ønsker vi å halde oppe.