Hopp til innhold

Det vart ingen omkamp om fylkessamanslåinga

Det vart ikkje noko omkamp om Vestlandsfylket då Sogn og Fjordane fylkesting var samla i Florø i dag. På Stortinget markerer dei raudgrøne motstand mot regionreforma, men ingen lokalpolitikarar foreslo å oppheve samanslåinga.

Det vart ikkje noko omkamp om Vestlandsfylket då Sogn og Fjordane fylkesting var samla i Florø i dag

SAMSTEMTE: Det vart ingen omkamp om regionreform i dag.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Omkampen går på Stortinget, og det er der omkampen må gå, sa Senterpartiet sin representant Aleksander Øren Heen.

Aleksander Øren Heen

STORTINGET: Senterpartiet sin representant Aleksander Øren Heen meiner omkampen bør gå på Stortinget.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

På Stortinget har både Arbeidarpartiet og Senterpartiet foreslått å snu samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland. Det var på førehand knytt litt spenning til om nokon ville foreslå noko liknande i fylkestinget. Det var det ingen som gjorde.

Nøkkelen ligg hos Stortinget

Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV og KrF stod saman om eit framlegg som fekk fleirtal. Her vert det slått fast at samanslåinga med Hordaland ikkje skal skje dersom Stortinget opphevar nokre av dei andre samanslåingane som er vedtekne. Også MDG stilte seg bak dette framlegget. Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Senterparti, Sigurd Reksnes, forklarer kvifor partiet hans foreslår ei reversering i Stortinget, men ikkje på fylkestinget.

Sigurd Reksnes

EXIT: Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Senterparti, Sigurd Reksnes, ivra for å sikre ein exitstrategi.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Det var viktig å få til eit breitt vedtak som sikrar den intensjonsavtalen som allereie er forhandla fram. Det handlingsrommet vi no har i fylkestinget, er å sikre ein exitstrategi.

Ventar ikkje fleirtal

Det er ikkje venta at det blir noko fleirtal i Stortinget for å oppheve samanslåinga, og alt tyder difor på at det nye Vestlandsfylket tek til frå 2020. Senterpartileiaren nytta taletida si til å nok ein gong kome med kritikk mot heile regionreforma.

– Stortinget har vedteke ei regionreform som ikkje heng i hop i det heile teke. Nokre fylke får halde fram som før, medan eit skal lage eit fylke som skal gå frå svenskegrensa til Hardangervidda ein annan plass, sa Reksnes.

Framstegspartiet sin Frank Willy Djuvik likte ikkje forslaget som fekk fleirtal i fylkestinget. Han forstår ikkje kvifor saka kom opp endå ein gong.

Frank Willy Djuvik

UVERDIG: Framstegspartiet sin Frank Willy Djuvik meiner debatten er uverdig overfor innbyggjarane i fylket.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Dette er berre ei sak der enkelte parti har eit markeringsbehov. Denne saka fortener at partia er konsekvente, og at dei gjer seg opp ei meining. Denne debatten er ikkje verdig det innbyggjarane i Sogn og Fjordane fortener, sa Djuvik.

Dette har vore ei vanskeleg sak

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) tok ordet til slutt i debatten for å takke for eit godt ordskifte.

Jenny Følling

TAKKA: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) takk for ordskiftet.

Foto: Bård Siem / NRK

– For mange er dette ei vanskeleg sak. Mange ser med tungt hjarte på at vi ikkje lenger skal vere eit eige fylke. Eg trur likevel alle i denne salen ønskjer det beste for innbyggjarane i Sogn og Fjordane, sa Følling.

Om ti dagar skal fylkestinga i både Hordaland og Sogn og Fjordane treffast på Gulatingsstaden ved Eivindvik i Gulen. Der skal dei mellom anna vedta namnet på det nye storfylket.