NRK Meny
Normal

Det var meir enn berre sola som fekk florøværingane til å gå mann av huse

FLORØ (NRK): Sol, blå himmel og vindstille – og 20 varmegrader. Dette er ikkje dagleg kost, sjølv ikkje i Florø. Det var heller ikkje det etter kvart sjeldne besøket som fekk 40–50 menneske til å stå i kø på Trovik-kaien i ettermiddag.

JAKTAR: Spenninga var til å ta og føle på i køen. Sjå videoen frå det sjeldne besøket.

– Dette er nostalgi. Slik var det dagleg for 30 år sidan. No er vi heldige som får besøk ein gong i ny og ne. Dette er jo heilt fantastisk, jublar Florø-patriot Per Øyvind Helle.

Jon Arne Silden

REKEFISKAR: Jon Arne Silden håpar det skal verte fleire turar til Florø om han får kjøpt seg ny båt.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

– Dette er jo første integreringstiltaket mellom Flora og Vågsøy. Skipperen er jo frå Måløy og så kjem han hit for å selje reker. Vi florøværingar er jo veldig glade i vågsøyværingar som du ser. Vi kjøper reke til den store gullmedalje. Eg ser og at ordføraren i Flora står i kø, held Helle fram på ekte florøvis.

– Fullt køyr

For det var nemleg rekebåten «Atina» frå Måløy med skipper Jon Arne Silden og mannskap som fekk florøværingane til å gå mann av huse i desperat jakt på reker.

– Det er fullt køyr. Det er jo ein skikkeleg sommardag i dag, og så får dei reker i tillegg, smiler Silden.

Kjem oftare om han får kjøpt ny båt

Til kystbyen i vest hadde han med seg kring 80 kilo nykokte reker. Sjølv rekna han med å verte utseld i løpet av 15–20 minuttar.

Rekefiskar i Florø.

LANG KØ: Tidlegare var ikkje dette noko uvanleg syn i Florø. No er det lenger mellom kvar gong.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

– Det er alltid kjekt å kome til Florø med reker. Det er full jubel kvar gong, humrar Silden, som håpar det skal verte fleire turar sørover til det som vert det nye kommunesenteret i storkommunen.

– Eg jaktar på ny båt. Får eg meg ny båt kan det hende eg kjem oftare. Denne båten er så tung å arbeide på, forklarar han.

Snart er det i alle fall slutt på sola

Love så mykje kan heller ikkje statsmeteorolog Kristin Sæter hos Vêrvarslinga på Vestlandet. Sjølv om det i dag har vore perfekte forhold til å nyte eit rekemåltid ute, er det høgst usikkert om det let seg gjere dei næraste dagane – tilfelle florøværingane har spart litt på delikatessa.

– Det er venta ein litt meir kjølig og skya vêrtype i morgon. Det er framleis knytt stor uvisse til kor mykje skyer det kjem, og om vi får nedbør. Derimot er det sikkert at det vert nedbør på torsdag. Då ventar vi ganske mykje nedbør heile dagen, seier Sæter.