Hopp til innhold

Det var heilt "mot normalt" i juni

Vi har lagt bak oss ein svært tørr junimånad dei aller fleste stadane her i fylket.

Balestrand juni 2016

TØRT OG VAKKERT: Waree Lyngstad frå Viksdalen er ein ivrig hobbyfotograf, og har tagga mange innlegg på

Foto: Waree Lyngstad / Instagram

– Det var veldig lite nedbør i juni, i snitt vel 50 prosent av normalen, kan klimavakt ved Vervarslinga på Vestlandet i Bergen Stein Kristiansen, fortelje.

Mange soldagar, tørre bøar og badande ungar står att som fasiten for den første sommarmånaden. Noko som kan vere bra å sjå tilbake på når regnet no dryp dei fleste stadane.

Samanlikna med juni-normalen var det tørrast på Takle i Gulen, som berre fekk 43 prosent (66,8 mm) av den nedbøren som pleier å kome. Brekke, berre nokre kilometer unna, hadde 76 prosent (88,2 mm).

Minst i millimeter kom det i Borgund med 19,3 mm nedbør (49 prosent). Men på einskilde stader har kraftige byer gjort at dei faktisk har kome opp i normalen, til dømes hadde Aurland 109 prosent, Selseng i Sogndalsdalen 99 prosent og Fresvik 90 prosent.

På Tefre i Førde kom 52 prosent av normalen, medan på Nordfjordeid kom berre 49 prosent. Temperaturane har i snitt vore to grader over juninormalen, enkelte stader tre grader over.