Hopp til innhold

Det stormar rundt båtrute i Sogn – TV-profil frustrert over at hans tilbod vart vraka

Det stormar rundt turistbåtruta på Fjærlandsfjorden. TV-profil Mads Bækkelund er svært frustrert over at han har blitt vraka i anbodskonkurransen.

Turistruta på Fjærlandsfjorden

TURISTRUTE: Det stormar no rundt turistruta som går på Fjærlandsfjorden i Sogn. Biletet er teke eit tidlegare år.

Foto: Eivind Hjellum

Mannen bak TV-suksessen "Oppdrag Sognefjorden", Mads Bækkelund, får ikkje drive turistbåtruta på Fjærlandsfjorden. Og det sjølv om han hadde det billegaste tilbodet.

Selskapet som styrer med båtruta gav i staden kontrakten til eit båtselskap i Flåm.

Ein av grunnane var at Bækkelund skulle vere dårlegare på marknadsføring. Den argumentasjonen er heilt uforståeleg seier advokaten til Bækkelund, Louis Anda.

– Min klient er av den klare oppfatning, og det kan eg forstå, at er det noko han kan, så er det å marknadsføre seg, seier Anda til NRK.no.

– Det lågaste og beste anbodet

Louis Anda

ADVOKAT: Louis Anda representerer TV-profilen Mads Bækkelund.

Foto: Øyvind Torvund / NRK

Du har sikkert sett Mads Bækkelund i TV-serien "Oppdrag Sognefjorden", med strikka panneband rundt eit krøllete hår om bord i båten Fjord Visjon. Bækkelund var her kaptein, og hadde med seg både kjente og ukjente skiprofilar for å utforske den mektige naturen langs fjorden.

I år har Bækkelund kasta seg inn i kampen om å få drive båtruta på Fjærlandsfjorden i Sogn. Men den kontrakten var det i staden Stig Johnny Buvik sitt båtselskap i Flåm, Sognefjorden AS, som fekk.

Merkeleg, meiner Louis Anda som representerer Bækkelund. Han viser mellom anna til hans klient si evne til å marknadsføre seg.

– Fjord Visjon har vore med i to program på NRK, der denne båten og fjell i Sør-Norge og seinare Nord-Norge har blitt profilert, med prominente gjester som mellom anna kronprinsen.

– Er det noko Bækkelund kan gjere i sitt selskap Fjord Visjon, så er det å marknadsføre seg, seier Anda.

Også det at hans klient leverte det billegaste anbodet talar til hans fordel, meiner advokaten.

– Min klient meiner heilt klart at han har gitt det lågaste og det beste anbodet på å drive denne ruta. Det vil også få minst tilskot for å drive turisttrafikk.

– Han forundrar seg over at han ikkje fekk tilslaget, og ønskjer difor å sjå dei andre tilboda som er gitt frå andre aktørar, seier Anda.

At Bækkelund ikkje har fått dette skal han vere svært misnøgd med ifølgje advokaten.

(Artikkelen held fram under biletet)

MS Fjord Visjon

MS FJORD VISJON: Båten til Bækkelund, Fjord Visjon, vart nytta i to seriar som vart viste på NRK. Først Oppdrag Sognefjorden og seinare Oppdrag Nord-Norge.

Foto: NRK/ Flash Studios

Held fast ved avgjerda

Det er selskapet Discover Sognefjord som bestemmer kven som skal få drive båtruta på Fjærlandsfjorden.

Styremedlem John Brekke seier styret la vekt på fire forhold: Pris, eigenskapane til båten, pålitelegheit og erfaring, og eit oppegåande system for booking og marknadsføring.

– Vi er også blitt samde om å satse vidare utan tilskot neste år, noko Stig Johnny Buvik var interessert i. Dette var ein del av avtalen, så det var veldig interessant for oss, seier Brekke til NRK.no.

Fekk 400.000 i tilskot

Discover Sognefjord har i fleire år slite med å få på plass ei lønsam båtrute på Fjærlandsfjorden tilpassa passasjergrunnlaget.

Men Sogn og Fjordane fylkeskommune har heile vegen vore rause med tilskota, berre i år har dei gitt 400.000 kroner. Discover Sognefjord har også fått tilskot frå reiselivsnæringa i Sogn og frå Sogndal og Balestrand kommunar for å få på plass båtruta.

Sjølv om Discover Sognefjord ikkje brukar desse pengane på den billegaste tilbydaren, meiner styremedlem Brekke at dei brukar dei offentlege tilskotskronene på ein effektiv måte.

Fryktar ikkje søksmål

Han er ikkje redd for eit søksmål frå TV-profilen Mads Bækkelund.

– Det er vi verkeleg ikkje. Vi føler vi har god dekning for dei vala vi har gjort, så det tek vi veldig med ro, seier han.

Bækkelund har i lang tid bede om å få innsyn i tilbodet frå dei to konkurrerande selskapa, men har så langt ikkje fått det.

No lovar styremedlem John Brekke Bækkelund innsyn.

– Absolutt. Vi har ingen hemmelegheiter, og berre gode hensikter med å få til ei båtrute på Fjærlandsfjorden som fungerer. Det føler eg at vi har fått til, så det har vi ingen problem med, seier han.

Båten til selskapet Sognefjorden AS, som fekk kontrakten, skal gå på Fjærlandsfjorden i tre månader i sommarhalvåret.