NRK Meny
Normal

Det ser ut som ein lagerplass, men dette er ei statleg betalt tennisbane

FØRDE (NRK): Anleggsmaskiner, buskas, søppel og vedhogst ligg slengt og stabla på det som er tennisbaner finansiert av staten sine pengar. No får kommunen svi på pungen.

Anleggsmaskiner, buskas, søppel og vedhogst ligg slengt på det som er tennisbaner finansiert av staten sine pengar. No får kommunen svi på pungen.

ALT ANNA ENN TENNIS: Det er vanskeleg både å serve og ta i mot ballane på tennisbanene i Førde.

– No er vi på eit tennisanlegg. Her ser vi to tennisbaner, eller som vi skulle ha sett. Vi har ikkje nett, vi har to stolpar, men her er det ikkje mogleg å spele tennis.

Fylkesidrettskonsulent i Sogn og Fjordane, Atle Skrede, slår nokre ballar med NRK sin medbragte tennisracket. Ei vanskeleg oppgåve når ballane forsvinn bak hageavfallet.

Skulle vore i drift til 2039

Då dei to tennisbanene blei bygd bak Førdehuset i 1999, spytta staten inn 137.000 kroner frå spelemidlane. Eit uomtvisteleg krav den gongen var at anlegget skulle vere offentleg tilgjengeleg og i full drift dei komande 40 åra.

– Her skulle det ha vore aktivitet, slik regelverket tilseier, seier Skrede og ristar på hovudet, oppgitt over at Førde kommune ikkje har respektert at tennisbana ikkje skal er ein lagringsplass.

Tennisbane i Førde

FÅ SPOR ETTER TENNIS: Kun nettstolpane står att som synleg bevis på at dette ein gong var ei tennisbane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fleire saker årleg

NRK har vore i kontakt med alle fylkeskommunane i Norge og idrettsavdelinga i Kulturdepartementet. Over heile linja kjem det fram at det dei siste åra har vore ei rekkje saker i Norge, der eigarar av idretts- og nærmiljøanlegg har fått inndratt eller må betale tilbake spelemidlar.

– Det er litt trasig, fordi at dette er eit av staten sine verkemiddel og tiltak for å få ei meir fysisk aktiv befolkning. Her har ein ikkje følgd opp dette, slår Atle Skrede fast.

– Vi blir straffa

I Førde har kommunen no fått brev frå Kulturdepartementet med ein klar beskjed; Betal tilbake dei 137.000 kronene de fekk for å byggje tennisbanene. Kommunalsjef i Førde kommune, Trond Ueland, tykkjer derimot at det er eit statleg regelrytteri dei no blir utsett for.

– Vi tykkjer dette er litt merkeleg. Dette er jo ei veldig regelstyrt ordning. Kanskje kunne det vore meir fleksibelt og høve til å bruke sunn fornuft. Vi må betale tilbake alle spelemidlane vi fekk, fordi den har vore lite i bruk og har behov for rehabilitering. Vi opplever på eit vis at vi blir straffa.

Atle Skrede i fylkeskommunen

KRITISK: Atle Skrede har ansvar for å følgje opp korleis tippemidlane blir brukt i Sogn og Fjordane.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Kommunen vil betale

– Men har ikkje de som eigar eit ansvar i denne saka?

– Jo, det har vi. Dette anlegget har vi hatt i nær 20 år. No er det stor interesse for tennis, og vi ønskjer å få baner på plass så raskt som mogleg, men vi ønskjer ikkje å bli straffa for det.

– Men vil de betale rekninga?

– Vi kjem til å betale det, for vi har ikkje krefter til å bruke tid på dette. Vi betalar og forventar at vi kan søkje nye midlar, for vi skal ha banene. Ordninga er litt demotiverande, men dette skal vi få til.

Tennisbane i Førde

FÅ SPOR ETTER TENNIS: Kun nettstolpane står att som synleg bevis på at dette ein gong var ei tennisbane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune