Hopp til innhold

Det nye radarparet - Otoo og Flo

Sogndalstrenar Jonas Olsson la om formasjonen og skapte eit nytt radarpar som sikra Sogndal tre livsviktige poeng.

Otoo og Flo Sogndal

RADARPAR: – Vi utfyller kvarandre, sa Mahatma Otoo etter kampen.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Ulrik (Flo) og eg utfyller kvarandre, sa Mahatma Otoo etter at han skåra for fyrste gong i sogndaldrakta og bidrog sterkt til at laget sikra seg ein livsviktig siger mot Sandnes Ulf søndag kveld.

Førespelet til målet stod nettopp spissmakkeren frå Stryn for:

– Ulrik er ein veldig god spelar som hoppar høgt. Kvar gong han går i hovudduell, prøver eg å vera der ballen dett ned, sa den ghanesiske landslagsspelaren etter kampen.

Radarpar

Luftstyrken til Flo og Otoo sine ferdigheiter langs bakken plaga Sandnes Ulf i starten av kampen.

For Flo var det ei lukke å hamna i tospann med den kvikke ghanesaren.

– Eg gjorde det eg alltid plar gjera, gå på ballen og stussa. Kvar gong var Otoo der og snusa. Det verka naturleg for han. Så det er klart at me passar godt i hop, sa Flo og meinte at lagkameraten frå Ghana hadde den største æra for at dei to stod fram som eit radarpar på Fosshaugane.

– Det er mest han som finn stussen min, og ikkje eg som finn han. Og når eg slår ballen inn frå kanten, kjem han på løp. Han er flink til å finna dei rette romma.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ulrik Flo etter kampen mot Sandnes Ulf, søndag 27.10.13.

Foto: Heidi Lise Bakke

Ny formasjon

Den siste tida har sogndalstrenar Jonas Olsson fått kritikk for spela for defensivt og for å prøva å forsvara seg til eliteseriekontrakt.

Før kampen hadde Olsson lagt om formasjonen frå 5-3-2 til 4-4-2. Otoo meinte den endringa var naudsynt.

– Ved å spela med to spissar på heimebane skapte me ein meir angrepsvillig fotball, og eg trur det hjelpte oss til å vinna i dag, sa Otoo.

Ros frå trenaren

Etter kampen venta ros til spissparet frå trenar Olsson.

– Det fungerte veldig bra. I fyrste omgang spelte laget dei gode. I dei fyrste 25 minuttane mata me dei med ballar, og det var effektivt.

Olsson avviste at det var dei siste vekene med ordskifte rundt spelestilen til Sogndal som fekk han til å endra formasjonen før kampen mot Sandens Ulf.

– Det avgjerande for å gå tilbake til to sentrale midtbanespelarar, var at me hadde Rune Bolseth klar til denne kampen. Me veit at når me spelar 4-4-2 med den aggressiviteten me såg i den fyrste omgangen, så passar den formasjonen godt oss, men det er ikkje alltid like lett å få til, sa Olsson.

(Artikkelen held fram under videoen)

Jonas Olsson er godt nøgd etter 2-1 siger på Fosshaugane mot Sandnes Ulf.

Foto: Heidi Lise Bakke

– Ikkje frustrert

For Mahatma Otoo kjendest det forløysande å laga det fyrste målet for Sogndal. Han kom som toppskårar og stjerne i Ghana.

Men i Sogndal har landslagsspissen, som etter alt å døma er klar for Brasil-VM neste år, måtta slita benken, fordi Sogndal i dei siste kampane har prøvd å forsvara seg til ny eliteseriekontrakt.

For Otoo har overgangen frå Vest-Afrika til Vestlandet har vore krevjande.

– Det er ikkje enkelt å koma frå Afrika og tilpassa seg den europeiske fotballstilen. Men eg har ikkje vore frustrert. I Ghana spelte eg for ein toppklubb og måtte venja meg til press frå alle kantar. Her i Sogndal har eg difor kjempa hardt på treningane for å overtyda trenaren at eg fortener å starta, fortel han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Nykomlingen Mahatma Otoo starta kampen i Sogndal. Etter berre to minutt kom første mål.

Foto: Heidi Lise Bakke

Fornya eliteseriekontrakt

Otoo sin 1-0-skåring og frisparkmålet til Malick Mane seinare i fyrste omgang sikra Sogndal ein livsviktig 2-1-siger, tre poeng og eit langt steg vekk frå nedrykkssumpen.

Med to kampar att har Sogndal har tre poengs klaring til Sandnes Ulf, og det er fem poeng ned til Tromsø på kvalifiseringsplass. Sogndal møter Hønefoss borte i neste kamp.