NRK Meny
Normal

Det lyser att i Synneva Eris hus

For to og eit halvt år sidan var huset eitt av mange som brann ned til grunnen i Lærdalsbrannen. No er det på ny lys der den historiske bygningen stod.

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er eit rundt 200 år gamalt hus som vi meinte var viktig å bygge opp. Det er eit kjend bilete i Lærdal og i gamlegata her. Og av eiga interesse er det viktig å ta vare på minne herifrå, seier Leiv Thomas Faulkner, som er byggherre.

Far hans eigde huset tidlegare og Leiv Thomas budde i huset i fire-fem veker kvar sommar.

– Eg har mange fine sommarminne herifrå, eg tente mine første kroner her på å klippe graset.

Synneva Eris hus etter brann en i Lærdal

BRANN TIL GRUNNEN: For to og eit halvt år sidan såg tomta slik ut.

Foto: Jan Christian Jerving

Modellhus

Men for to og eit halvt år sidan brann det kjende huset ned til grunnen i den store Lærdalsbrannen.

– Det kom som eit sjokk. Vi fekk vite det midt på natta, rundt firetida, eller noko sånt. Brannen byrja veldig langt unna, og hadde det vore normale høve, ville brannen aldri ha nådd så langt.

Etterpå har dei vore fast bestemt på å få det opp, og det har vore motivasjonen å få opp eit hus som er mest mogleg likt det som var der før.

– Huset var i utgangspunktet freda, men det er det ikkje lenger. Fredingsvedtaket vart oppheva. Ein kunne ha tatt vare på noko av det gamle og prøvd å bygge på det, men det var såpass skada at det var betre å lage ein replika.

Ein replika er ein ny modell av det gamle huset.

Leiv Thomas Faulkner

FLYTTAR INN: Leiv Thomas Faulkner og kjærasten flyttar no inn i éin del av huset.

Gamalt på utsida

Det er meininga at gata huset står i skal bære preg av den gamle trehusstilen som Lærdal er kjend for, og slik Synneva Eris hus no er bygd opp att, er stilen tatt vare på.

– Utvendig ser det ut som det er det same huset, bortsett frå at alt er mykje rettare enn det var. Etter 200 år blir eit trehus ganske skeivt.

Det vart mange ting dei måtte gjere for å halde på den gamle stilen.

– Vi har brukt kjerneved, det har vore mykje om og men kring kva maling vi skulle bruke, og taket er eit kapittel for seg sjølv. Det er så tungt, det er eit kjempetak, og ingen ville ha bygd eit tak på den måten i dag, seier han.

Men på innsida av huset kan Leiv Thomas velje friare korleis det skal sjå ut, og no er huset snart innflyttingsklart. Sjølv skal han ha éin del av huset, og resten skal leigast ut.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.