Hopp til innhold

Det kan vere kroken på døra for korpset

Pengekassa til Førde Musikklag er så botnskrapa at dei vurderer å leggje ned korpset. Dermed kan det bli stilt fremst i 17. mai-toget.

Førde musikklag fremst i 17. mai-toget i Førde

TRADISJON: For mange er det heilt utenkjeleg at 17. mai-toget skal vere utan eit korps i første rekke. Biletet er frå eit 17. mai-tog i Førde der Førde Musikklag spelar.

Foto: Førde musikklag

– Vi har brukt opp alle oppsparte midlar. Det har blitt ufatteleg tungt, seier styremedlem Anette Vågene Shanks.

Mange tek korpsmusikk som ei sjølvfølgje på dagar som 1. mai og 17. mai. Men det må haldast liv i korpsa året rundt, og i Førde veit ikkje musikklaget lenger om det er liv laga.

Har ikkje råd til nye uniformer

Vågene Shanks har vore med i over ti år. Ho har brukt mykje tid på å sikre laget nok pengar.

– Det er blitt mange fleire som konkurrer om same midlane, og det er blitt færre tilskot å søkje på. Mange ordningar blir også spissa mot enkeltpersonar, seier ho og viser til at det gjer det vanskelegare for breiddetilboda å vinne kampen om kulturkronene.

Pengane i laget går no berre til det som er heilt nødvendig, som dirigentutgifter. Pengar til uniformer til nye medlemmer har dei til dømes ikkje.

Korpset har medlemmer i alderen 15 til 80 år. Etter at dei kvalifiserte seg til NM banka fleire unge på døra. Skal dei reise til NM vil dei vaksne dekke eigne utgifter, men dei unge har ikkje råd, fortel Vågene Shanks. Etter å ha leita med lys og lykter har laget framleis ikkje råd til å betale for dei.

– Dei er så dyktige at vi gjerne vil ha dei med. Dette er veldig trist.

Anette Vågene Shanks

SLUNKEN PENGESEKK: Anette Vågene Shanks i styret i Førde Musikklag fortvilar over den økonomiske situasjonen. Uniformer til nye medlemmer og nye notar har dei til dømes ikkje råd til.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Tek korpsa for gitt

Nils-Gunnar Solli

MANGE OM KRONENE: Nils-Gunnar Solli i Norges Musikkorps Forbund seier dei opplever at det blir stadig meir konkurranse om kulturkronene. Han håpar situasjonen for Førde Musikklag ordnar seg.

Foto: Privat

Regionstyreleiar i Norges Musikkorps Forbund Nordvest, Nils-Gunnar Solli, synest det er leitt å høyre at musikklaget kan bli lagt ned. Han seier dei frå tid til anna ser at korps kjem i liknande knipe.

Også han ser at kampen om kulturkronene tilspissar seg.

At kulturkroner frå sponsorar og kommunar i aukande grad blir gitt som stipend til enkeltpersonar er ein trend han ikkje vil kalle negativ. Men:

– Om ein ikkje samtidig har ressursar til å støtte breiddekulturen er det feil prioritering, seier Solli.

Både Vågene Shanks og Solli har kjensla av at korpsa blir tekne for gitt.

– Litt for ofte, og litt for mange stader gjer ein kanskje det. Alle må vere klar over at det å drive eit korps er ressurskrevjande, seier Solli.

Opne for dialog

I Førde kommune var kommunalsjef Trond Ueland ikkje klar over at Førde Musikklag telte på knappane.

– Dette er trist. Musikklaget er viktig for kommunen på mange måtar, blant anna i samband med 17. mai.

Ueland seier Førde kommune sine kulturkroner i hovudsak blir fordelt på mange lag og organisasjonar. Han vil gjerne gå i dialog med musikklaget for å sjå om kommunen kan hjelpe.

Trond Ueland

DIALOG: Kommunalsjef Trond Ueland i Førde kommune seier dei i første omgang må snakke med Førde Musikklag for å bli kjent med problema.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK