Det høljar ned på vestlandet

Det våte vêret går sin gong, og det skal regne godt fram mot natt til onsdag. NVE har sendt ut varsel om flaum og jordskred på gult nivå. Det er sør i fylket som kjem til å få mest regn. – Det skal regne jamn og trutt i heile dag, men den mest intense nedbøren kjem i ettermiddag, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid. Men så kjem også eit mildvêr, og torsdag kan ein til og med vente seg sol.

Varsom gul fare
Foto: Varsom.no