NRK Meny
Normal

- Vatnet går djupare enn vi trudde

Målingar i området Stampa i Aurland viser at det hastar med tiltak.

Sprekker i fjellet Stampa i Aurland.

Målingar viser at det hastar med tiltakt i Stampa i Aurland.

Foto: Aurland kommune.

Like ved Flåm ligg det største og ustabile fjellpartiet som er registrert i Norge. Skrekkscenariet er at Stampa rasar i sjøen og lagar ei alvorleg og dødeleg flodbølgje.

- Raskare enn tenkt

Ifølgje Sogn Avis hastar det no med tiltak.

– Dei førebelse resultata frå dei elektromagnetiske målingane vi gjorde med helikopter i juni, viser at det er behov for tiltak raskare enn vi hadde tenkt, seier prosjektleiar Bjørn Sture Rosenvold til avisa.

Tidlegare har biologar sagt at dei håpar boringa kjem i gang så snart som råd.

Også ordførar er samd i at det er viktig å kartleggje rasfaren.

Video nsps_upload_2008_11_11_11_23_41_682.jpg

Sjå stampa frå lufta. Film: Torje Bjellaas/NRK.

Mykje vatn i sprekkane

Målingane som no er gjort i området Stampa/Joasete viser at det er mykje vatn inne i sprekkdanningane. Difor trur Rosenvold at boringa må kome i gang raskare enn tenkt.

Det er Aurland kommune og kraftselskapet E-CO som har inngått eit samarbeid for å drenere vekk vatn frå dei ustabile fjellområdet.
Ei slik drenering skal stabiliserer fjellet om minke faren for utgliding.

Kostnadane for å sikre fjellet er sagt å vere omlag 300 millionar kroner.

Les og; Milliardar for å sikre fjellet

- Dårleg nytt

– No er det viktig at vi får bora oss ned til desse vassførande laga, få målt trykk, ta prøver av lausmassane og liknande. Vatnet går djupare enn vi hadde trudd, det er vassførande lag under heile fjellpartiet. Det er dårleg nytt når det gjeld stabilitet, seier Rosenlund.

Han håpar å gå i gang med arbeidet i september. Han presiserer at det ikkje er akutt fare for utgliding, men at det er viktig å få gjort noko raskt.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå