Det har vore ein ulukkessommar i fjellet

I Sogn og Fjordane og Hordaland har det denne sommaren vore åtte dødsulukker i samband med ferdsel i naturen. Også Røde Kors har opplevd ein tydeleg auke i talet redningsoppdrag.

Nigardsbreen

ULUKKE: Her ved Nigardsbreen skjedde èi av fleire dødsulukker i Sogn og Fjordane i sommar. Ein turist frå Austerrike omkom då han hamna i Nigardsbrevatnet etter at breen kalva.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Vi er ute i naturen. Vi kan sikre oss så godt vi kan, men vi kan ikkje sikre oss mot alt. Men eg føler meg trygg når eg går saman med erfarne fjellfolk, seier Jostein Gjærum, som i dag var på tur ved Nigardsbreen i Luster.

Her ved breen skjedde éi av dei fem dødsulukkene i fylket i sommar. Til saman har det vore åtte dødsfall knytte til ferdsel i naturen i Sogn og Fjordane og Hordaland denne sommaren.

Jostein Gjærum

VIL UTFORDRE GRENSENE: – Det er mange som skal utfordre grensene. Eg er forbi den alderen sjølv. Det er mykje som er spennande, og dessverre er mykje av det farleg. Og då skjer det dessverre ulukker, seier Jostein Gjærum, som torsdag var på tur ved Nigardsbreen.

Foto: NRK

Stabssjef i Vest politidistrikt, Gustav Landro, peiker på at dei fem dødsulukkene i Sogn og Fjordane utgjer ein markant auke.

– I fjor hadde vi ingen dødsfall. Det er nok uttrykk for ein sesongvariasjon, men også at fjellet blir brukt meir av fleire.

Viktig å vere budd

Landro har ikkje inntrykk av at folk tek sjansar.

– Når vi bevegar oss på bratte plassar, der det er stein og mykje folk, skjer det ulukker frå tid til anna. For nokon skjer det kanskje i kombinasjon med at ein blir dårlege eller sjuke, det får vi ikkje alltid svar på.

Leiar i Sogn og Fjordane Turlag, Marino Ask, peiker på at det totale talet folk i fjellet er større enn tidlegare år. Men heller ikkje han trur folk overvurderer eigne evner når dei vel turmål.

Marino Ask

IKKJE MERKING: Leiar i Sogn og Fjordane Turlag, Marino Ask, har ikkje tru på å merke sprekkar og andre stader for å unngå ulukker. – Eg trur vi skal tenkje at det er ei vurdering den einskilde turgåar må gjere. Skal ein merke sprekkar og ulike punkt blir det ein ganske vanskeleg situasjon, seier han.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Samtidig er det viktig å minne om å vere budd på det ein gir seg i kast med. Ein må vurdere turmålet og terrenget, ikkje minst kva vêr ein kan kome ut for, seier Ask, som meiner ein alltid bør vere minst to på tur.

Fleire redningsoppdrag

For Røde Kors ligg 2018 an til å bli eit rekordår kva gjeld talet redningsoppdrag. Dei har alt opplevd ein kraftig auke i slike oppdrag.

– I 2005 hadde vi rundt 380 oppdrag, i 2017 var det 1760 oppdrag, fortel Kenneth Guldbrandsøy i Røde Kors.

– Vi har ingen grunn til å tru at det er dårleg kunnskap eller ferdigheiter blant dei som går. Det er berre fleire folk i fjellet, og då blir det fleire hendingar, seier Gulbrandsøy.

Den erfarne tindevegleiaren og breføraren Sigurd Nordeide-Felde er ein av dei som blir kalla ut dersom folk får problem.

– Det har vore ein auke i det kan kalle redningsoppdrag der folk eigenleg ikkje er i nød, men har gått seg skårfaste eller er i ein situasjon dei ikkje kjem ut av, fortel han.

Sigurd Felde

OPPLYSINGSARBEID: – Så lenge folk oppsøkjer fjellet, vil det alltid vere eit potensial for at det går gale. Ein kan drive opplysingsarbeid og få ned talet, med det vil nok alltid skje ulukker, seier breførar Sigurd Nordeide-Felde.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Ved Nigardsbreen er ikkje Jostein Gjærum så overraska over at det skjer ulukker.

– Ikkje når ein ser rundt seg. Viss ein ikkje er føre budde, har rett utstyr og høyrer på erfarne folk, kan det meste skje.