Hopp til innhold

Det har blitt dyrare å kjøpe hus

Folk må grave stadig djupare i lommeboka når dei skal kjøpe seg hus eller leilegheit. Det siste året har bustadprisane gått opp med åtte prosent.

bolig, salg, kjøp

DYRARE: Bustadprisane gjekk opp med åtte prosent frå 2009 til 2010.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Som vanleg gjekk prisane ned i desember i fjor. Men ser ein heile året under eitt viser statistikken at prisen bustader har stege med heile åtte prosent i løpet av det siste året, det skriv Huseiernes Landsforbund.

- Det same gjeld nok for Sogn og Fjordane, seier eigedomsmeklar Heidi Berge i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Fleire årsaker

Året vi akkurat har lagt bak oss var eit godt år for dei som har selt bustader fortel Berge.

- Vi har hatt lav rente, og dei fleste har hatt noko lunde styr på økonomien sin. I tillegg har vi hatt høg sysselsetjing, seier Berge om årsakene til prisstiginga.

Dyre nybygg påverkar prisane

Nye byggeforskrifter og strenge krav til nye bustader påverkar også prisen på eldre bustader.

- Prisane på nybygg har gått opp, mykje på grunn av strengare krav. Når nybygg vert dyrare følgjer prisane på eldre bustader etter, seier Berge til NRK.no.

Trur prisane held seg

Tore Berqvam i Eigedomsmeklar Vest Førde trur prisane vil halde seg høge.

- Dersom renta held seg lav og det framleis er lite nybygging, så trur eg prisane vil halde seg, seier Berqvam.

Han seier bustadmarknaden i Sogn og Fjordane no ber preg av at det er lite ute for sal.

- Til vanleg plar det ligge om lag 200 bustader til sal på Finn.no, akkurat no er det i underkant av 150 der, seier Berqkvam.

Når det er mindre å velje mellom påverkar det også prisane.

- Prisane vil nødvendigvis presse seg opp når det er fleire som kjempar om same bustad, seier meklaren.