Hopp til innhold

Det går unna på Fjellsportfestivalen

SOGNDAL (NRK): Flott føre og strålande sol, men for nokre er det ikkje nok. Dei må ta med sykkelen i skibakken.

Tre deltakarar i sykkelutfor kjem ned løypa
Foto: Anders Martin Helle / NRK

Dei spenn på seg ski og legg ut på tur på jakt etter laussnø og den beste toppturen. I 10 år har Fjellsportfestivalen i Sogndal vore ein plass der skientusiastar og livsnytarar frå heile landet kan møtast.

På Arena Rindabotn i Sogndal skisenter freistar programmet med meir uvanleg vintersport. Ein gjengangar dei siste åra er sykkelutfor.

Fire kvinnelege utøvarar står klare på startsstreken til sykkelutfor

DEI KVINNELEGE DELTAKARANE: F.v. Tonia (24), Marte (20), Astrid (19) og Ingelin (28) ventar ved startstreken.

Foto: Bente Kjøllesdal / NRK

Raskaste mann og kvinne ned den markerte løypa vert premiert, og nytt av året, også beste kostyme.

Dansk deltakar i sykkelutfor datt

DANSKEN DETT: Sykkelutfor kan vere like vanskeleg som det høyrest ut, men Jonas Hermann Schrøder frå Danmark kom seg gjennom løypa

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

For nokre vart det både knall og fall, men humøret lét seg heldigvis ikkje knekke.

– Eg er strålande fornøgd med å velte berre to gongar i andre runde, i motsetnad til første runde då eg velta fire gongar, seier Jonas Hermann Schrøder, ein av deltakarane som fekk nærkontakt med snøen.

Mange tilreisande

Det gode humøret er å finne også utanfor løypene. På festivalområdet er det både nye fjes og gamle kjende, og for mange har Fjellsportfestivalen allereie vorte ein fast tradisjon.

– Det er vanskeleg å halde seg unna, seier Marit Rolvsjord som no bur i Trondheim. Eg må tilbake. Det er bra snø og bra folk!

Mange folk samlast på Arena Rindabotn i Sogndal Skisenter

TRIVELEG: Sosialt kan det vere også utan ski på.

Foto: Bente Kjøllesdal / NRK

Rolvsjord er ingen nybegynnar på ski. Ho starta då ho var to år, og i går vann ho frikøyringskonkurransen som vart arrangert. 27-åringen er heller ikkje i tvil om at Fjellsportfestivalen trekk til seg folk frå heile landet og kanskje også utlandet. Årets festival har vore spesielt bra.

– Det er fine forhold i år! Det er mange skiglade folk som vil ut i fjella og ha det moro.

Godt år

Ifølgje festivalsjef Ragnhild Fagerslett har det gode vêret gjeve gode resultat.

– Det har vore ein super dag med veldig bra oppmøte på aktivitetane! Vi sel veldig mange festivalpass no, og det er spekka program i kveld.

Det er mange folk i kø til skitrekket på Sogndal Skisenter under Fjellsportfestivalen

FOLKSAMT: Køen til skitrekket vart stadig lengre.

Foto: Bente Kjøllesdal / NRK

Sjølv har ho brukt denne dagen på kontoret for å passe på at alt går rundt, men tilbakemeldingane er positive.

– Folk er glade, og det er god stemning!

Sjå video frå sykkelutfor:

SYKKELUTFOR: Sjå deltakarane køyre frå start til slutt.