Hopp til innhold

Desse opplever rekordbesøk

Det går mot ein rekordsesong for stavkyrkjene i Sogn og Fjordane. Aldri før har så mange teke turen.

Borgund stavkyrkje

MEIR ETTERTRAKTA: Borgund stavkyrkje i Lærdal er berre ei av kyrkjene som merkar til rekordsommaren.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Sommaren har vore veldig bra. Sesongen er enno ikkje over, men tala våre er gode og vi passerer nok fjoråret, seier leiar av Fortidsminneforeningen i Sogn og Fjordane, Jon E. Tamnes.

Fortidsminneforeningen eig fire av seks stavkyrkjer i Sogn og Fjordane, og for Tamnes er det gledeleg med nok ein rekordsommar.

– Det er veldig kjekt å slå rekordar, men det kjekkaste er at fleire vil oppleve dei flotte kyrkjene våre.

– Vi klarar nesten ikkje å ta dei unna

Hopperstad stavkyrkje i Vik har til no hatt over 12.000 besøkjande.

Borgund stavkyrkje kan notere seg ein av sine beste sesongar så langt, til og med juli månad var det seld 26.000 billettar. Dette er 1300 fleire billettar enn på same tid i fjor.

– Det er ei stor auke i gjestar. Vi klarar nesten ikkje å ta unna, men det er berre gledeleg, seier dagleg leiar ved Borgund stavkyrkje- og besøkssenter, Tanna Gjeraker.

Borgund stavkyrkje

BORGUND STAVKYRKJE: Fleire turistar tek turen til Borgund stavkyrkje.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Let seg fascinere av trekyrkjene

Gjeraker merkar godt at stadig fleire har Borgund stavkyrkje på besøkslista når dei vitjar Noreg.

– Vi blir meir og meir ettertrakta. Omsetnaden har auka betrakteleg i år. Gjestane viser ei enorm glede over denne trebygningen.

- Fleire av gjestane våre kjem frå land som kanskje har mykje større og finare kyrkjer, men at våre er laga av tre har stor betydning. Det trur dei nesten ikkje på, seier Gjeraker.

Fleire turistar har også teke turen til Ornes og Urnes stavkyrkje. Der har sommaren vore travel.

– Vi har hatt 18.000 besøkjande innom fram til no i sommar, så det ser ut til at det blir ein rekordsommar. Fram til no ligg vi 830 besøkjande over det vi hadde på same tid som i fjor, seier tilsynshavar Marit Bøen.

Runer Urnes stavkyrkje

OVER 18000: Fram til no har over 18 000 besøkjande vore innom Urnes stavkyrkje og tilsynshavar Marit Bøen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Set ei grense for å unngå for tøff slitasje

Men besøksrekordar er ikkje berre positivt for kyrkjene. Ved Urnes stavkyrkje merkar dei slitasjen.

– Dørstokken og grunnstokken får meir slitasje, men vi set nokre grenser. Blant anna tek vi berre imot ei busslast om gongen, seier Bøen.

Ved stavkyrkjene blir det no jobba for å få utvida sesongen, dei ønskjer seg fleire besøkjande i mai og september.

– Kyrkjene er klenodium som skal takast godt vare på, så dette tek vi ikkje lett på. Vi følgjer situasjonen og har god kontroll på det, meiner Tamnes.

Det er besøkjande frå alle nasjonalitetar som vitjar stavkyrkjene, men ein nasjonalitet glimrar med sitt fråvær.

– Nordmenn har ei innstilling om at kyrkja er fin og at den skal besøkjast når dei blir pensjonistar, men så skjer det aldri. Men fleire blir pensjonistar i framtida, så vi får håpe det endrar seg, smiler Gjeraker.

Urnes stavkyrkje

NASJONALSKATT: Urnes stavkyrkje er ein av fleire populære stavkyrkjer i fylket.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK