NRK Meny
Normal

Det går mot ein våt slutt på sommaren

Med berre dagar att av august har meteorologen ikkje godt nytt til dei som hadde håpa på meir sol og varme.

Rengvåt sommar

VÅTT OG GRÅTT: Om berre nokre dagar går vi inn i den første haustmånaden, september. Sommarvêret i år har ikkje vore det heilt store, og det ser ikkje ut til at dei siste dagane blir noko spesielt betre.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Det er vel eigentleg typisk haustvêr i vente, er den heller dystre meldinga frå statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Vêrvarslinga på Vestlandet om vêret som er i vente dei tre siste dagane av august.

Fredag herja to heftige lågtrykk med store delar av Vestlandet, og NVE hadde i forkant varsla lokal flaum.

Du får sjå sola

I går ettermiddag og kveld gav regnet seg litt, men fleire stader i Sogn og Fjordane vaknar folk opp til grått og vått vêr også laurdag. Men:

– Utover dagen blir det minkande vind og byeaktiviteten vil bli mindre. Det blir stort sett opphaldsvêr utover ettermiddagen laurdagen og fram til søndag kveld, seier Fagerlid.

Han kan til og med love ein del sol til dei vêrsjuke innbyggjarane i fjordfylket, både i dag og i morgon.

– Litt ut på dagen er det håp om å sjå sola, og det er også håp om å få sjå sola først på dagen søndag. Så det blir gode tendensar store deler av helga, seier statsmeteorologen.

Frosk på regnversdag

KOM DEG UT: Om du ventar på sol og sommarvarme før du tek turen ut, kan du måtte vente lenge. Kanskje er det like greitt å gjere som denne spretne karen, ta turen ut i regnvêret.

Foto: Anna Gytri / NRK

Så blir det vått og grått igjen

Skal ein tru temperaturane som YR.no melder om, blir det derimot ikkje nødvendigvis badetemperaturar sjølv om sola kikkar fram.

Florø og Kaupanger kan til dømes vente seg rundt 15 grader på det varmaste, Selje og Brekke i Gulen 14 grader, og på Grodås i Hornindal blir det knappe 12 grader på det varmaste laurdag.

Neste torsdag går vi inn i den første haustmånaden. Dei tre siste dagane av august ser ut til å få vêr som er meir passande for årstida vi går inn i, enn den vi går ut av.

– Det er ikkje spesielt kraftige lågtrykk i vente, men det blir regn både måndag, tysdag og onsdag, seier Fagerlid.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.