Hopp til innhold

Det gamle asylmottaket blir til 80 nye bustadar

Bustadbyggelaget BOB i Bergen satsar igjen tungt i Sogn og Fjordane. No skal eit gamalt asylmottak bli til moderne bustadar med fellesskapsløysingar.

Liv-Judit Straume

HAR SETT PÅ OMRÅDET LENGE: Liv-Judit Straume, direktør i BOB, har budd på Hornnes i Førde i fleire år og har lenge ønskt å bygge bustadar her.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

– Vi skal bygge på den flottaste solsida i Førde – ute på Hornnes, fortel Liv-Judit Straume, direktør i BOB.

Dei nye bustadane skal lokke til seg alle slags folk, og vere tilrettelagt for felles aktivitetar blant bebuarane.

Inspirert av delingsøkonomien

Utbyggingsdirektøren i BOB, Ole Kleppe, fortel at dei er inspirert av den moderne delingsøkonomien.

– Det skal vere felles kjøkken, som ein kan leige eller lage middag i lag med burettslaget.

– Vi skal og ha ein verkstad med verktøy bebuarane kan leige med ein app på mobiltelefonen, og ein gjestehybel dei kan leige viss dei får besøk, seier han.

Og i staden for at alle bebuarane har kvar sin bil, føreslår BOB at burettslaget delar på det også.

– Delingsøkonomien er på veg opp i samfunnet, og difor ser vi for oss denne type fellesskapsløysingar, seier Kleppe.

Bygging av bustadar på Hornnes i Førde

HORNNES: Området treng eit løft, meiner BOB, som no skal bygge 80 bustadar her.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

Treng eit løft

Direktør Liv-Judit Straume meiner Hornnes treng nytt liv.

– Det er eit veldig flott område, men det treng verkeleg eit løft. Det er nært, men samstundes litt utanfor sentrum. Her er også barnehage og busstopp, seier ho.

160 bustadar i Førde

De har fått kritikk for ikkje å bygge nok bustadar i Sogn og Fjordane. Skal dette stoppe kritikarane?

– Eg meiner vi har fått til mykje bra for Sogn og Fjordane – det er jo ikkje alt som kjem fram i media. No leverer vi 80 bustadar på Coop-tomta i Førde, i tillegg til dei 80 andre vi planlegg på Hornnes. Så då synest eg vi svarar godt på kritikken med 160 nye bustadar, seier Straume.

Men, om BOB har fleire planar i Sogn og Fjordane vil verken Straume eller Kleppe sei noko om.

Liv-Judit Straume

160 BUSTADAR: Direktør i BOB, Liv-Judit Straume, meiner dei får til mykje i Sogn og Fjordane med dei nye bustadane som byggast i Førde.

Foto: Adam Pietrzak / NRK