Hopp til innhold

Vått, vått og våtare skal det bli

Den intense nedbøren har sett sine synlege spor rundt omkring i Sogn og Fjordane. Og meir nedbør skal kome, melder meteorologen.

Evebøfossen, Gloppen

MYKJE VATN: Det brusar i Evebøfossen i Gloppen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– I dag er elva skummel, men det er no litt fascinerande. Det er enorme krefter. Det har alltid vore moro å sjå kor fort Anga går opp og ned, seier Even Hole.

Han bur langs elva Anga i Førde. Sidan halv sju i dag tidleg har elva sokke 75 centimeter, og Hole har følgt nøye med.

– Førebels er det meir fascinasjon enn at vi er redde. Av 356 dagar er det kanskje ein eller to dagar vi er litt nevrotiske, seier han.

Mykje nedbør er meldt

Men meir nedbør skal det kome, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

– Vi er inne i ein dårleg stim. Det er venta nedbør kvar dag framover så langt vi kan sjå, men mindre enn dei siste 24 timane. Lokalt kan ein vente opp til 20–30 millimeter det neste døgnet, seier Fagerlid.

Jølstravatnet

FLAUM: Det flaumar over fleire stader etter det store regnfallet i natt.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Den siste nedbøren har allereie fått store konsekvensar, då to personar vart teke av ras på riksveg 15 i Stryn.

Storparten av regnet har kome på seks timar.

I Sogn og Fjordane var det Hovlandsdal som fekk mest det siste døgnet, med 111,7 millimeter. Brekkestrand fekk 98 millimeter, medan det i Takle kom 97 millimeter nedbør.

Jølstra

JØLSTRA: Det er store vassmengder i elvane etter all nedbøren.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Viss ein ser på dei seks timane det var mest intenst, kom det 54,9 millimeter i Takle – det er ganske mykje, seier Fagerlid.

Rasfaren er framleis stor

Regiondirektør Brigt Samdal i Noregs vassdrags- og energidirektorat seier det framleis er rasfare.

– Det er vedvarande fare for ras utover dagen. Det er mykje nedbør som har kome over lang tid og som har gjort jorda god og våt, så vi følgjer med, seier Samdal.

Regn Førde

FØRDE: Det regna mykje på kort tid i natt, og slik så det ut i Førde onsdag føremiddag.

Foto: TONE LIN STØFRING SKOVRO / NRK