Hopp til innhold

Det er venta snø og mykje vind på fjellovergangane i helga

Om du skal køyre mellom Aust- og Vestlandet i helga bør du vere forsiktig, for det er meldt både snø og ganske sterk vind på fjellovergangane.

VÆR KOLLONNEKJØRING

SNØ OG VIND: Dette er eit tidlegare bilete frå Hemsedalsfjellet. Også i helga er det meldt snø og vind på Riksveg 52 mellom Aust- og Vestlandet.

Foto: Kyrre Lien / NTB scanpix

– På dei nordlege fjellovergangane som riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, kan det kome så mykje som 10 millimeter med snø i løpet av laurdagen, seier Trond Lien ved Meteorologisk institutt i Bergen.

Samstundes er det også meldt vindstyrke opp i liten kuling. Denne kombinasjon er det som typisk skaper dårleg sikt når ein er ute og køyrer.

– Det kan bli litt utfordrande køyreforhold gjennom helga, så ein bør vere litt forsiktig, seier Lien.

Og allereie kan Statens vegvesen melde om at det byrjar å bli glatt på vegen.

– No er det slik at det er litt glatt på veg opp på fjellovergangane, særleg når ein kjem ifrå vest, seier Roger Nedberge Hille ved vegtrafikksentralen i Lærdal.

Trur ikkje vegen blir stengt

Vegvesenet understrekar at det er trygt å køyre på vegane, og at det førebels ikkje er tale om å stenge nokre av fjellovergangane.

– Men dette kan forandre seg ettersom vêret forandrar seg i løpet av helga, seier Hille.

På E16 over Filefjell, riksveg 52 over Hemsedalsfjellet og fylkesveg 55 over Sognefjellet vil ha ruskete vêret gjennom det meste av helga. På riksveg 7 over Hardangervidda vil vêret bli betre på søndag, trur meteorologen.

– Då blir det ein del mildare, og mindre vind.