Hopp til innhold

Aktoratet plukka tiltalte si forklaring bit for bit

Overingeniør Torgeir Bang i Statens vegvesen seier det er passasje på ulukkesstaden i Fardal. – Men jobben må gjerast, og den må gjerast på ein god og riktig måte av begge sjåførarane, sa han då han vitna i rettsaka mot den svenske føraren.

To bussar frontkolliderte ved Fardal i Sogn

SAMANSTØYT: To personar omkom, og to vart kritisk skadde, då ein rutebuss og ein svensk turbuss krasja ved Fardal i Sogndal.

Foto: Christian Blom / NRK

Bang har jobba med dødsulukker i over ti år, og kom 12. august i fjor til ulukkesstaden kring 50 minuttar etter at den svenske turbussen og den lokale rutebussen kolliderte.

Ei ung kvinne i kvar av bussane omkom. Føraren (55) av den svenske bussen set denne veka tiltalt for aktlaust bildrap.

– Ein må liggje på kvitestripa når ein møter større køyrety, elles blir det ikkje plass, sa overingeniøren i Sogn tingrett.

Var passasje

Ulukkesgruppa har kome fram til at fronten den svenske bussen var over midten av vegbana då samanstøyten skjedde. Den svenske føraren avviste tysdag at han hadde noko skuld i at ulukka skjedde.

Anette Stegegjerdet Norberg

AKTOR: Anette Stegegjerdet Norberg.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Han meinte også det ikkje var passasje på staden. Dette avviste Bang.

– Ein må ligge på kvitestripa når ein møter store køyretøy, elles blir det ikkje plass. Begge køyretya treng 2,80 meter, altså totalt 5,60. Vegbreidda er målt, senter kvitstripe til senter kvitstripe, til 5,70-5,80, sa Bang og la til at vegbredde på ulukkesstaden er målt til seks meter frå asfaltkant til asfaltkant.

– Det betyr at det var 10-20 centimeter att mellom bussane. Vil dette endre seg i fart, ville Aktor Anette Stegegjerdet Norberg Vite.

– Køyrety kan krenge i fart. Alt etter om det er setningar eine eller andre vegen.

– Kan det vere slike forhold?

– Ut frå vegrapporten til Olav Svangstu, så er det ikkje funne setningar som er så vesentleg at han har skrive om det.

– Må gjere jobben sin

Det er 60-sone på ulukkesstaden. Aktor ville vite større køyrety bør redusere farten for å kunne passere kvarandre i den slakke svingen.

– Når store køyrety, lastebil, buss eller vogntog, møtes, så avheng det av at begge sjåførane gjer jobben sin. Gjer dei begge jobben, så er det ikkje grunn til å setje ned farten. Det handlar om rett plassering og stødig passering, sa Bang.

Den svenske sjåføren hevda tysdag at det ikkje var spor på ulukkesstaden. Dette avviste også ulukkesgruppa. Mellom anna eit 5,2 meter langt spor frå den norske bussen, og eit 13,5 meter langt spor frå den svenske bussen. Bang sa spora var svake, ikkje tydelege som bremsespor.

Minst trøkk på svensk buss

Fartsskrivaren viser at den svenske bussen har hatt ein fart på 67 km/t inn mot ulukka. Den norske 64 km/t. Bang presiserte at grunna krav til fartsskrivarar, så kan bussane ha halde inntil seks kilomter høgare eller mindre fart.

Overingeniøren sa han er forundra over at førarane kom frå det med livet i behald, og sa at den svenske bussen vart utsett for mindre treff. Bang meinte også det var svært vanskeleg for dei to førarane å kontrollere bussane etter samanstøyten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Torgeir Bang viser bremsespor til forsvaret.

VISER: Forsvaret fekk ved ein feil ikkje tilsendt bileta som ulukkesgruppa sikra av hjulmerka dei fann på vegbana. Dei vart vist fram i retten.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Den tyngste og sterkaste får som regel minst trøkk i seg. Den hadde bagasje og meir folk, medan den norske hadde lite bagasje og mindre folk, sa Bang.

– Svenske var over midten

Kvar bussane låg i vegbana er eit sentralt tema i saka og ulukkesgruppa meiner spor på staden og staden der bussane stogga viser at den svenske turbussen var litt over midten av vegen under samanstøyten.

Forsvarar Geir J. Kruge

FORSVARET: Geir J. Kruge og Jens Thomas Tommesen forsvarar den svenske føraren.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Dersom norsk buss var langt inne i vegbana, så ville det bli veldig vanskeleg, om ikkje umogleg, å flytte heile bussen ut på kvitestripa på 14-15 meter. Svensk buss har hatt tid på seg til å flytte bussen til høgre, sa Bang og presiserte at han ikkje seier at føraren har gjort det med vilje.

Forsvaret til den svenske føraren ville vite om dei har vurdert om begge bussane har vore langt inne i vegbana.

– Vi går inn i undersøkinga med eit ope sinn, og har har ikkje funne spor som tyder på det, sa Bang.

Forsvaret gjekk gjennom fleire bilete som ikkje viste spor bak bussane.

– Nokre gonger tek vi bilete og spora ikkje viser. Så tek vi nye bilete og spora viser. Det har med lysforholdet å gjere, sa Bang.

– Vi «gissar» ikkje

Den tiltalte svenske føraren provoserte bistandsadvokat Harald Hovde og dei etterlatne då han i si forklaring presenterte sine eigne teoriar om kva som skjedde og korleis den norske kvinna omkom.

Bang fortalde at obduksjonen viste at kvinna omkom som følgje av manglande bilbelte og samanstøyt med harde gjenstandar. Kvinna i turbussen døydde av skadar frå samanstøyten, samt vrakrestar som vart kasta av bussane.

Den omkomne taiwanske turisten, hennar pårørande og dei skadde i reisefølgjet, er representert i tingretten ved advokat Eirik Slotterøy.

Aktor Stegegjerdet Norberg tok opp att påstandar som den tiltalte kom med dagen før, om at Statens vegvesen dreiv gjetting i sitt arbeid.

– Vi er der for å analysere dødsulukker på norske vegar, for å auke trafikktryggleiken. Vi er ikkje der for å få nokon dømde eller gje skyld. Vi har ingen intensjon om å konstruere spor. Det er synd om han tykkjer vi «gissar», sa Bang.