Hopp til innhold

Litt galne og rare blankskallar har den beste jobben under Tour de Ski

Med raske replikkar, godt humør og solid kunnskap er dei profilar under Tour de Ski.

Tre blankskallar frå trivselsfylket

BLANKSKALLAR: Dei tre hårlause karane får sjå mykje god idrett og har det fantastisk moro på jobb under Tour de Ski. Så blir det ein del spik ...

Foto: Privat

– Vi har det fantastisk kjekt og godt miljø. Sjølv om vi jobbar for ulike kanalar, seier glopparen Odd-Bjørn Hjelmeset som er ekspertkommentator for TV2 under Tour de Ski. Han er i godt selskap med NRK sin reporter Harald Thingnes og ekspertkommentator Morten Aa Djupvik.

Som eit ektepar

Medan Tour de Ski går føre seg er dei tre hårlause karane svært tett på kvarandre. I NRK gjer Morten og Harald gjer det meste i lag.

– Vi et frukost i lag, vi er på dei same renna, et lunch i lag, så er vi på pressesenteret, så et vi middag i lag, så sit vi av og til i same bil ....

– Litt som eit ektepar?

– Haha ... Eg trur vi skulle levd eit lukkeleg ekteskap i lag, seier Thingnes.

– Så du blir ikkje lei?

– Nei, eg skjønar ikkje korleis eg skulle kunne bli lei av Morten. Han har ikkje eit einast gen som irriterer meg. Viss ein er blid, omgjengeleg og flink som han er, så er eg godt fornøgd. Og når du møter Odd-Bjørn så er han akkurat same typen, men kanskje litt meir hyper.

Djupvik stiller seg på si side litt tvilande til om dei er som eit ektepar, men trur likevel det skulle gått bra.

Spik, tull og tøys

Odd-Bjørn er "fienden" i og med at han jobbar for TV2. Thingnes likar å skøye og gjer meir enn gjerne litt spik for å stikke kjeppar i hjula på rivalen.

– Vi brukar å vere litt hemmlegheitsfulle og går litt til sida, så kviskrar vi litt for at han skal bli stressa og tru at vi har ei viktig sak på gang. Men elles er jo han ein open og fortel historier og kva dei jobbar med. Men vi stel ikkje frå kvarandre.

Hjelmeset er ein luring, men Thingnes forsikrar at han aldri skikkeleg har klart å lure han.

– Nei viss eg mistenkjer han for å ha noko på gang, så sender eg berre Morten. Dei kjenner jo kvarandre så godt at då har Odd-Bjørn guarden senka, så kan Morten frette han litt ut viss det er noko eg lurer på.

Tok ein spansk ein ...

Men han vedgår at det blir mykje lureri på pressesenteret der journalistane jobbar med å sy saman saker.

– Då les eg gjerne eit par setningar litt høgt om "Dopingskuldingar mot ..." ... hehe ... I går gjekk eg bevisst ut og gjekk forbi Odd-Bjørn og ut på gangen. Då veit alle at eg har noko dei andre ikkje må få vite om. Men det hadde eg jo ikkje ... Det er eit psykologisk spel som er litt artig.

Men Odd-Bjørn Hjelmeset lar seg ikkje lure av lureriet til Thingnes.

– Han driv det mest fordi han ikkje har greie på dette her, ler Hjelmeset. Då må han ut. Nei, han er ein bra journalist. Men det er bra han går ut for å lese. Då bråkar han ikkje så mykje og snakkar høgt inne på pressesenteret. Han er ofte ei plage for alle rundt seg der, høglydt som han er, seier Hjelmeset med ein lattermild tone.

Hjelmeset understrekar at når dei jobbar må dei faktisk gjere jobben sin, men etter det kan dei godt finne på tull og fanteri.

At NRK-journalisten ikkje har greie på ski, støttar Djupvik opp om.

– Det er heilt rett. Det er jo avgrensa kor mykje han kan vite om langrenn når han kjem frå ei bygd som Vevring. Det seier seg sjølv, flirer Djupvik.

Eksperten som har ekspertise

– Morten er kanskje den som ler høgast, og han ler heile tida. Han er nok ikkje den som fortel flest vitsar, men han ler høgt og masse så han er det beste publikum.

Aa Djupvik er nok den av dei tre som står fram som mest roleg og sindig på fjernsyn, medan dei to andre kan finne på kva som helst.

– Men han set veldig pris på ei god historie og ein spøk og ler veldig høgt. Så har mange gode historier frå innsida av skimiljøet. Så det er litt rorbua-stemning når vi møtast, seier Thingnes.

Thingnes seier ekspertkommentatoren bidrar med mykje verdifull kunnskap frå innsida av skimiljøet ettersom han har vore trenar for laget i fleire år.

– For oss er han den perfekte eksperten, men også ein veldig god sosial faktor fordi han har blandinga av kompetanse og ekstremt godt humør.

Sikre på at Bjørgen vinn

Når det gjeld det sportslege så er dei tre ganske samde om at Marit Bjørgen vil stå på toppen av sigerspallen etter monsterbakken og endeleg vinne Tour de Ski. Men for herrane er det litt meir uklårt.

Marit Bjørgen

SAMDE OM KVINNELEG VINNAR: Marit Bjørgen vil vinne Tour de Ski, meiner dei tre karane.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Det ville no vere litt kjedeleg for dei andre nasjonane om det var såpass god margin på herresida og, seier Odd-Bjørn.

– Det er gler meg stort at ho endeleg ser ut til å få ønskje sitt oppfylt med å vinne Tour de Ski. Ho er ei usedvanleg hyggeleg og kjekk dame.

– Dei fleste er vel einige om at Martin Johnsrud Sundby vinn. Men eg trur at Morten som også har vore trenar for han, men eg trur ikkje han har trena han så bra at han vinn. Men han har gjort ein god jobb også der.

Odd-Bjørn Hjelmeset meiner dei fire herrane som er i tet på Tour de Ski er like gode og kan vinne. Han har sjølv gått monsterbakken i Val di Fiemme i Italia og veit kva smerter dei skal gjennom. Likevel er han litt småironisk når det gjeld utfallet.

– Men eg har sagt det heile tida: Berre svensken blir nummer fire er det heilt greitt.

Djupvik skal trene skiskyttarane

Frå neste sesong skal Morten Aa Djupvik trene skiskyttarlandslaget. Hjelmeset seier det blir spennande å sjå om han får det til. Thingnes ser enno større pris på det.

– No blir det fart på dei og. Eg er glad for å legge nevøane mine sine skjebnar i hendene hans. Der trur eg han vil vere rett mann, seier Thingnes.

Morten Aa Djupvik

EKSPERTKOMMENTATOR BLIR TRENAR: Moren Aa Djupvik blir trenar for skiskyttarane.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Men Thingnes må medgje at han tykkjer det er synd å miste ein så god kollega.

– Sidan han går til skiskyting så kan eg tilgje han. Der trur eg han er rett mann men vi skulle gjerne hatt han her lenger for han er det beste Hyen har å by på! seier Thingnes.

– Han kjem inn der med mykje godt humør og kompetanse. Det trur eg blir bra. Og nevøane mine er jo ikkje nokon «hengehaud» heller så han bør ikkje tulle med dei, for då blir det berre ti-gangen tilbake, flirer Thingnes.

Djupvik er på si side glad for skrytet dei to kjem med.

– Det er jo rørande å få slik skryt, spesielt når det kjem frå dei to.

Trenar sprint-damene

Det er også ein annan gloppar med på Tour de Ski som har ei sentral rolle. Roar Hjelmeset er sprint trenar for kvinner.

Odd-Bjørn er stolt over det broren har fått til med "jentene sine".

Roar Hjelmeset i Holmenkollen

SUKSESS: Roar Hjelmeset har hatt suksess som trenar.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Han har gjort ein utruleg god jobb med laget, og dei unge jentene. Eg er imponert over det han har fått til og den roa han har. Det trur eg faktisk eg har med meg både Morten og Harald på. Eg var nok hakket betre som utøvar enn Roar, men han er ein langt betre trenar enn eg.

Sjølv saknar han ikkje livet som aktiv idrettsutøvar.

– Eg ser kor fort dei går. Det hadde eg ikkje greitt. Når du sit heime i sofaen så kan eg tenkje "søren, det skulle eg ha vore med på!". Men når eg ser her kor fort dei går, innser eg at det hadde eg ikkje klart. Så eg er glad for at eg gav med i tide så eg slepp å bli audmjuka.

Monsterbakken

SYRE: I monsterbakken i Val di Fiemme vil utøvarane få syre. Odd-Bjørn Hjelmeset veit kva han snakkar om.