NRK Meny

Skientusiastane let seg ikkje stoppe av regnet

Så lenge det er kvitt på bakken finnes det folk i skiløypene både bortover og nedover i Sogndalsdalen.

Skitrekk Hodlekve

MØTER OPP: Ungane i barnebakken i Sogndal skisenter Hodlekve let seg ikkje stoppe av litt regn.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Det er litt blautt, men ikkje så hakkande gale, fortel Per Thomas Rygg.

Han køyrer trakkemaskina i Sogndal Skisenter Hodlekve, og var først av alle ute i løypene i dag. No har han sett seg til rette med kollegaane i heisbua, med ein kopp kaffi og radioen på.

Mange plassar i fylket har mildvêret reist med det siste skiføret. I heisbua er regn på ruta, men løypene i Sogndalsdalen skal overleve nokre dagar med mildvêr, meiner Rygg.

– Det er nokre plassar at jordflekkane begynnar å vise. Når det først får tak, er det eit dårleg teikn. Men vi toler nokre dagar til med varme, meiner han.

I heisbua i hodlekve

PREPPAR LØYPER: Per Thomas rygg og Bjørge Litlabø jobbar ofte lange dagar og tidlege morgonar for å lage løypene klare til dei første skiløparane kjem. Dei håpar og få opne 10-kilometerløypa i helga.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Mange trassar været

Det er slett ikkje tomt i skibakkane i Sogndal trass i at gradestokken syner fire plussgrader, og nedbøren er våt og ikkje kvit.

Parkeringa ved varmestova er etter kvart nesten full, av både lokale og tilreisande.

Helga Farestveit har nett gått nokre rundar i dei nypreppa skiløypene, og melder om gode tilhøve.

Skiføret Norge 19.12.16

SKIFØRE: På Senorge.no kan du finne kart over kvar det er snø og skiføre i landet. No må du opp i høgfjellet for å finne tørr snø på Vestlandet.

Foto: Senorge.no / NVE

– Eg syntest det var heilt konge føre, trass i at det regnar og er litt surt i vêret. Det er god glid og fine skøyteforhold, fortel ho.

Det kan hende nokon har late seg skremme av regnet på ruta på morgonkvisten, for det var ikkje kamp om sporet i langrennsløypene i dag.

– Dei første to rundane var det berre meg i løypa. Etter kvart kom det vel to til trur eg, ler Farestveit.

Ho oppfordrar fleire til å ta turen ut:

– Det er jul, det er friskt i lungene, vi har snø og det er heilt topp!

Helga Farestveit

LANGRENN: Helga Farestveit var positivt overraska over føret i langrennsløypene i dag. Det er ekstra god glid på det våte føret, melder ho om.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Trur på meir snø

Vêrmeldinga er ikkje optimistisk med tanke på snøen i Sogndalsdalen.

Det er sendt ut OBS-varsel for store mengder nedbør torsdag og fredag, og på grunn av den milde lufta kjem mykje av den som regn.

Vestlandet kan få 60–100 millimeter i løpet av dei neste 24 timane.

  • Det kan også bli høg snøskredfare på grunn av all nedbøren. Sjekk varselet på Varsom.no før du reiser ut på tur!

Men Per Thomas Rygg og dei andre karane i heisbua har trua på at vêret vil snu i løpet av helga.

– Vi har venta litt på snøen, så enda er det berre 5-kilometeren som er open i langrennsløypene. Men vi satsar på at 10-kilometeren kjem på plass i løpet av helga, seier Rygg optimistisk.

Regn på ruta

REGN: Fire plussgrader synte gradestokken i Sogndalsdalen. Fredag er det meldt om lag same temperaturar, men kanskje blir det kjøligare mot neste veke att.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK
Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar