NRK Meny
Normal

Det er nøyaktig eitt år mellom desse bileta

Bileta er frå andre helga i mai i Balestrand, men frå ulike år. Her ser ein tydleg skilnaden på tidleg og sein vår.

Balestrand mai 2013 vs mai 2014

MAI 2013 VS. MAI 2014: Begge desse bileta er teke andre helga i mai. Det til venstre er frå 2013, medan til høgre er eit bilete frå i år.

Foto: Christen Bergum Skaasheim

– I år vart det varmt veldig tidleg over heile sør-Norge. Rundt fjorten dagar tidlegare enn det som er vanleg, seier statsmeteorolog ved Meteorologisk institutt Berit Hagen.

Den varme våren som vi alle har kunne nyte sidan påske har sett sine spor også i naturen.

Begge desse bileta er teke i samband med Balejazz-festivalen som vert arrangert kvart år i Balestrand. Så det er nøyaktig eitt år mellom desse.

Neste år kan våren bli sein att eller ein får nok ein vår med sommartemperaturar.

Berit Hagen, Statsmeteorolog

Medan det frå i fjor er prega av bladlause tre og ei brun mark, ser biletet frå i år til å vere frå ein frodig sommardag.

Heilt tilfeldig

Hagen forklarar at det er litt tilfeldig at ein får slike variasjonar frå år til år, men at kontrasten frå i år til i fjor er nok ekstra stor.

– Når det er varmare vert det jo sjølvsagt grønare tidlegare òg. Dette har med straummønster i atmosfæren å gjere. Hadde vi fått kald luft frå nord hadde nok ikkje våren vore like varm, forklarar Hagen.

Vinteren i år var relativ kort, og våren kom tidleg og gjorde tre og marker grøne. I fjor var bøndene plaga med isbrann og snøen la seg fleire stader tidleg i mai.

Hagen fortel at april og mai ofte er fine månader og faktisk er dei tørraste på Vestlandet, men ofte kalde.

– Men det er litt tilfeldig kva ein får frå år til år. Neste år kan våren bli sein att eller ein får nok ein vår med sommartemperaturar, seier ho.

Berit Hagen

TILFELDIG: Statsmeteorolog Berit Hagen seier det er heilt tilfeldig at dei to siste vårane har vore så ulike.

Foto: Marit Hommedal

Bruke opp finvêret

Statsmeteorologen forklarar at ein ikkje må vere redd for at finvêret vert brukt opp til sommaren.

– Ein har enno ikkje funne ut om det er ein samanheng mellom fin vår og fin sommar, men det er ikkje slik at vi brukar opp soldagane våre, seier Hagen.

Ho seier dei to ulike vårane ikkje kan knytast til klimaendringar sidan ein då må sjå vêret i løpet av 30 år. Og i den perioden kan det vere både kalde og varme vårar.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast