Statsmeteorologen: – Det er litt vêr på veg

Rikeleg med nedbør, kraftige vindkast og auka snøskredfare. Julefreden ser ut til å gå mot slutten også for vêrgudane.

Det blir ein svært fuktig søndag 29. desember 2019

FUKTIG SØNDAG: Vestlandet og Trøndelag kan bu seg på svært fuktige timar frå laurdag klokka 22 til søndag klokka 22. – Det ser ut til at nedbøren kan halde fram måndag også, seier statsmeteorolog Lars Andreas Selberg.

Foto: Meteorologisk Institutt

– Det har vore roleg 1. og 2. juledag, men no kjem ei vêrendring som ser ut til å halde seg i fleire dagar. Det blir ikkje vinterlege forhold i det heile, seier Tommy Skårholen ved snøskredvarslinga varsom.no.

Byrjar fredag kveld

Akkurat det kan statsmeteorolog Lars Andreas Selberg skrive under på. Høgtrykket som kviler over Noreg gir rolege forhold til fredag.

– Så kjem eit lågtrykk i vest som gir vindauke på vestlandskysten i morgon kveld, det vil skye til og kome nedbør i sør, seier han.

I Sør-Noreg blir det mildt, og snøgrensa kan krype over 1.000 meter.

Nord-Noreg får det fint nok lenger, men det er alltid eit «men».

– Lågtrykket vil eigentleg breie seg over heile Noreg. Det vil skye til og kome nedbør frå Rogaland til Finnmark. Austlandet ligg derimot ganske bra i le, seier Selberg.

Sender ut gule varsel

Frå laurdag kveld til natt til søndag har vêrvarslinga sendt ut farevarsel på gult nivå for kraftige vindkast for Ofoten, Vesterålen og Troms. Det er venta vest-sørvestleg liten storm i utsette kyststrok, kan hende full storm, med lokalt kraftige vindkast på 27–30 m/s innover land.

I Trøndelag er det også gult varsel laurdag. Då for lokalt vanskelege køyreforhold på grunn av underkjølt regn.

– Det er litt vêr på veg, med vindauke og nedbør som regn i låglandet. Det er generelt for heile landet, seier Selberg.

Auka snøskredfare

Laurdag aukar også snøskredfaren over det ganske land. Snøskredvarselet aukar til nivå 3, betydeleg, for store delar av landet.

– Slik det ser ut no, så kjem det inn ein del nedbør. Først som nysnø, så blir det vind, fokksnø, temperaturstiging og regn. Då kan ein rekne med naturleg utløyste tørre og våte snøskred, seier Skårholen hos snøskredvarslinga.

Snøskredfaren kan vare ved, for søndag kjem det eit nytt vêrsystem.

– Søndagen ser ut til å bli endå dårlegare. Det kan komme 50–70 millimeter regn på dei mest utsette stadane, seier Skårholen.

Ventar våt søndag

Meteorolog Lars Andreas Selberg ved Vêrvarslingar på Vestlandet

METEOROLOG: – Det kan skje endringar i prognosane, særskilt med tanke på mengde, men søndag blir truleg våt over større område, seier statsmeteorolog Lars Andreas Selberg.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Meteorologane følgjer nøye med på nedbørsmengdene søndag, og vurderer å sende ut varsel om store nedbørsmengder.

Førebels er det uvisst korleis nedbøren vil treffe, men Vestlandet og Trøndelag ligg utsett til.

Her kan ein truleg bu seg på ein våt slutt på juleveka, og våt start på nyttårsveka.

Vêrsystemet kan gi utfordrande køyreforhold.

– Det kan nok vere lurt å følgje med på vêret for fjellregionen om ein skal ut å køyre, seier Selberg.