Hopp til innhold

Det er 30 år sidan gjennombrotet

I 30 år har Olav Stedje snurra på barten som plateartist. Og har ikkje tenkt å gje seg ennå.

Olav Stedje

JUBILEUM: Olav Stedje frå Sogndal har vore kjendisartist i 30 år i dag, laurdag 12. mars.

Onsdag 12. mars 1981 er ein svært viktig dag for Sogn og Fjordane, for då fekk vi vår første popstjerne.

– Det er litt tilfeldig at eg vart artist. Eg har alltid vore glad i å synge og spele, men derifrå og til å få napp hos plateselskap og komme inn i varmen, er veldig tilfeldig. Det har med litt dyktigheit å gjere og litt flaks, seier Stedje.

Barten er viktig for Stedje

Stedje vart fødd 8. juni 1953 i Sogndal og har heilt sidan barndommen likt musikk. Som 28-åring fekk han sitt gjennombrot med plata «Ta meg med» i 1981.

Sidan den gang har han gitt ut ei rekkje plater - den siste i 2010. Stedje var med i Melodi Grand Prix i 1983, 1985 og 1987.

Barten har vore ei viktig merkevare for han. Den har han hatt sidan 1977 og fram til i dag.

– Eg har hatt bart heilt sidan eg vart kjent. Barten har vore ei viktig merkevare for meg. Image er veldig viktig, og barten har vore med så lenge no, at den har blitt viktigare og viktigare, seier Stedje.

Vil ikkje gi seg endå

Olav Stedje er utdanna førskulelærar på Høgskulen i Bergen, men lærarkarriera hans vart kort. Han fortel at han berre jobba i skulen i nokre år. Musikken var så viktig for han, og den tok så mykje tid, at han slutta som førskulelærar.

– Å bli artist var som ein draum som gjekk i oppfylling. Eg spelte i ein del lokale band, men hadde ikkje trudd at karriera skulle ende med så stor suksess, seier Stedje.

  • Legg igjen ei helsing til 30-års-jubilanten heilt nede i artikkelen.

Han seier han satsa på musikken fordi han likte det. I dag mistenkjer han ein del artistar for å starte fordi dei er mest opptekne av å bli kjende; musikken er mindre viktig enn å bli kjend.

– Det er kanskje litt dryt sagt, men, seier Stedje.

Sjølv om han har vore kjend artist i 30 år no, vil han ikkje gi seg med det første. Han seier han vil halde på så lenge folk kjem på konsertar og vil høyre på musikken hans.

Her kan du høyre kjende songar frå Olav Stedje: