Hopp til innhold

Det eine hotellet går så det susar - det andre har raude tal andre år på rad

LOEN (NRK): Hotel Alexandra gjekk med 4,9 millionar kroner i overskot, før skatt, i 2014. Hotel Loenfjord gjekk derimot 748.000 kroner i underskot, for andre år på rad.

Hotelldirektør ved Alexandra

GODT ÅR: Hotelldirektør ved Alexandra, Richard Grov.

Foto: Silje Guddal / NRK

Til saman hadde dei to hotella i konsernet nær 99.000 gjestedøgn i fjor. Når direktør Richard Grov skal summere opp fjoråret legg han vekt på at verksemda er i stand i til å gjere nye investeringar.

– Sjølv om tidene internasjonalt og nasjonalt har gått litt opp og ned, så har vi klart å halde jamn fart framover, seier Grov.

Mest nordmenn vitja Alexandra

Det var hovudsakleg nordmenn som låg i hotellsengene i Loen i fjor, men utanlandstrafikken auka med nær 3.000 gjestedøgn. 78,6 prosent av gjestane på Alexandra var norske i fjor, noko som er ein liten nedgang frå 2013. Amerikanarar utgjorde 5,8 prosent av dei besøkande.

Ved Hotel Loenfjord var 33 prosent av gjestane norske, medan 29 prosent var frå Spania. Totalt omsette konsernet, som og omfattar Loen Active, for vel 140 millionar kroner. Konsernet måtte likevel tole underskot på hotell Loenfjord.

– Loenfjord er eit hotell som har litt færre bein å stå på enn Hotel Alexandra. Vi har bestemt oss for å heve standarden på Loenfjord gradvis, og det har vi gjort, seier Grov.

Har investert for framtida

Han legg ikkje skjul på at det kostar, men seier det er ei investering i framtidige inntekter og framtidige gjestar.

Midt mellom Loenfjord og Hotel Alexandra ligg Loen Active. Utgangspunktet for klatring i Via Ferrata.

Gjekk Via Ferrata

GJEKK VIA FERRATA: Denne gjengen gjekk Via Ferrata tysdag, i høljande regnvêr og skodde. F.v. Maiken Frosting, Trond Frosting, Peggy Lindesteg (bak), Synne Lindesteg, Erik Lindesteg og Ronny Lindesteg.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi har ferie og vi har ikkje lyst til å liggje på ei solseng. Vi må gjere ting vi ikkje har gjort før, seier Peggy Lindesteg frå Lillestrøm.

Lindesteg overnattar ikkje på hotella i Loen, men den guida turen saman med Maiken Frosting, opp jernstigen til Hoven bidreg til konsernet.

Har 161 millionar kroner i gjeld

Loen Active omsette i fjor for nær fire millionar kroner. Ei dobling frå 2013.

– Vi gjorde nokre investeringar for nokre år tilbake, ikkje minst Loen Active, som har gjort at vi har fått ein del nye tilreisande til området vårt, seier Grov.

Siste fem åra har konsernet investert godt over 100 millionar kroner, i Loen Active, ny garasje og nye rom. Selskapet har 161 millionar kroner i gjeld. Så langt er utsiktene for 2015, ifølgje Grov, svært gode.

– Det er kanskje den internasjonale marknaden som har auka mest i år, og det er også ei spennande utvikling. Der er vi nok godt hjelpte av kronekursen, seier Grov.