Hopp til innhold

Det blir truleg ikkje kvit jul i år

Meteorologane varslar om ny varmerekord. Heile 2014 har vore mild, og det ser ut til å fortsette slik resten av året.

Juletre i Egersund

NEPPE SNØKLEDDE TRE: Det ser ut som

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Dette kan bety at vi truleg ikkje kan gle oss over kvit jul i år.

– Det ser ut som desember vil få omtrent normalt med nedbør. Men sidan det blir ganske varmt, er det jo risiko for at mykje av det kjem som regn, eller smelter når det treff bakken, seier statsmeteorolog Matilda Hallerstig.

– Venta at desember vil bli varmare enn normalt

Det er fleire stader som setje rekordar i år. Takle i Gulen og Sandane i Gloppen har lengste den samanhengande måleserien sidan målingane starta på 1950-talet. 2006 var året med høgast gjennomsnittstemperatur med 8,4 i Takle og 8,0 i Sandane.

Tall frå desse stasjonane viser ein middeltemperatur på 9,1 grader hittil i år.

– Viss 2014 ikkje skal få tidenes varmaste gjennomsnittstemperatur, må Takle få eit desember-gjennomsnitt på 2,5 grader eller kaldare. Dette er fullt mogleg fordi normalen for desember her er 2,1 grader og middeltemperaturen er 2,4. Det blir spanande å sjå, seier meteorologen.

Sandane derimot må få ein middeltemperatur på – 2,5 grader for at ny rekord ikkje skal bli nådd. Normalen for desember i Sandane er 0,2 grader og middeltemperaturen er på 0,7.

Det må bli ganske kald desember viss det skal skje, og hittil ser det ikkje slik ut. Men hugs at varslar så langt fram i tid er veldig grove og det kan bli lokale avvik, seier Hallerstig.

Fureneset og Førde med ny rekord

Fureneset i Fjaler og Førde har sett ny rekord for maksimumstemperatur i november. I 2011 var rekorden i Fureneset nådd 16,4 grader. Men i år vart den toppa med 16,5 grader. Rekorden for Førde var i 2002 med 16,4 grader, men i år var den heilt opp i 18 grader.

– Gjennomsnittstemperaturane er omtrent som dei fleste andre stasjonane i Noreg, men òg som dei fleste andre i verda faktisk. Det vil seie, varmare enn både middel og normal. Viss varsla slår til slik som dei ser ut no, så blir desember ganske mild altså, meiner Hallerstig.

Alle månadane har vore varmare enn normalt

Det er særleg februar og juli som skil seg ut.

– Juli blei varm fordi det var eit stabilt høgtrykksområde øst for Noreg. Dette førte til at luft frå store innlandsområde vart pumpa opp og blei varm før den kom til Skandinavia. I februar var det mange lågtrykk sørvest for Noreg, som trakk mild og fuktig luft opp hit, forklarar Hallerstig.