NRK Meny
Normal

Det blir rassikring Førde-Florø også

Regionvegsjef Helge Eidsnes stadfestar at det ikkje let seg gjere å flytte pengar frå Våtedalen på E39 til riksveg 5, men at det likevel blir rassikring mellom Førde og Florø.

Helge Eidsnes

LOVAR RASSIKRING: Regionvegsjef Helge Eidsnes.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det var stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) som på 1. mai tok til orde for å flytte pengane som er avsett i Nasjonal Transportplan til rassikring i Våtedalen til riksveg 5 mellom Førde og Florø.

– Men desse rassikringspengane er ikkje fylkesvis fordelte, dei er ein del av ein nasjonal rassikringsplan. Difor går det ikkje å flytte pengane. Men det blir likevel gjort ein del rassikringstiltak på riksveg 5, seier regionvegsjef Helge Eidsnes.

Tiltak under 50 millionar

Han syner til at det alt er sett i gang arbeid ved Leversund, der det gjekk eit steinsprang tidlegare i år.

– I tillegg til den nasjonale rassikringsplanen har vi eit handlingsprogram, der vi kan sette i gang tiltak som kostar mindre enn 50 millionar kroner. Og i 2018 reknar vi med at vi kan sette i gang rassikring i Skredvika mellom Førde og Naustdal.

Då handlar det ikkje om tunnel, men om mindre tiltak som bolting og montering av fangnett.

Svenn Egil Finden

LOVAR RASSIKRING: Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen seier at eit slikt arbeid ikkje reduserer sjansen for at ein seinare kan få bygd tunnel mellom Erdal i Førde og Naustdal. Ved Leversund er det førebels ikkje snakk om å byggje tunnel på grunn av rasfare.

– Der vurderer vi det slik at det skal vere nok med mindre rassikringstiltak.

Har tru på hybridferjer

Dei to hadde saman med fylkesdirektør for samferdsle, Dina Lefdal, eit kontaktmøte med media på Skei tysdag. Der vart det og stilt spørsmål om ferjesambandet Anda-Lote. Frå 1. januar 2018 skal Fjord1 trafikkere sambandet med to ferjer, begge med hybriddrift med hovudvekt på elektrisk framdrift.

Regionvegsjef Helge Eidsnes seier at dei ikkje let seg skremme av at Norled enno har problem med drifta av elferja «Ampere» på Lavik-Oppedal.

– Fjord1 har valt å byggje ferjene med hybrid, slik at det er alternativ framdrift. Så om det skulle vere problem med det elektriske, så har ferjene også ordinær dieselframdrift, så her vil det vere stabil drift. Og vi ser fram til å få to ferjer, for dagens situasjon med ei ferje med driftsproblem er ikkje tilfredsstillande.

Bilferja MF Årdal

SNART HISTORIE: Driftsproblema til bilferja «Årdal» på Anda-Lote irriterer også leiinga i Statens vegvesen.

Foto: Øystein Torheim
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.