Hopp til innhold

Politikarane har skrapa saman pengar til å halde fram utbetringane

Mange frykta det skulle bli full stogg på utbetringa av Olden-Innvik neste år. Men no har finansutvalet funne pengar.

Olden - Innvik

BERGA: Fylkespolitikarane har funne pengar som sikrar framdrift på utbetringa av Olden-Innvik også neste år.

Foto: NRK

Finansutvalet har i føremiddag vore i møte og då vart det klart at dei kom fram til ei løysning som sikrar finansieringa av neste parsell på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.

Førre veke varsla Fylkeskommunen at dei måtte stogge arbeidet på den mykje omtala fylkesvegen fordi dei ikkje har pengar.

Men no har fylkespolitikarane funne ei løysing på pengeknipa.

Dei vil bruke dei vel 60 millionane som blir til overs på Bremangersambandet, i tillegg til pengar frå ulike fond og middel dei eigentleg hadde tenkt å ha i bakhand til ikkje føresette tiltak.

Til saman har dei klart å skrape saman dei 154 millionane som trengst. Ein vil truleg lyse ut anbod på arbeidet på nyåret.