Hopp til innhold

Det blir ikkje OL på Geir Eithun

Norge får berre med seg eit sandvolleyballag til OL. Dermed blir det ikkje noko OL for førdianaren Geir Eithun og makkeren hans Iver Horrem.

Geir Eithun

IKKJE TIL OL: Førdianaren Geir Eithun satsa fleire hundre tusen på å kome til OL, men no er det klart at det ikkje blir noko av.

Foto: Joao Pires / FIVB.COM

Skulle Eithun og Horrem ha sjanse til å kvalifisere seg måtte Norge sitt førsteranka lag, med Terje Skarlund og Martin Spinnangr, behalde sin 16. plass på OL-rankinga, skriv Aftenposten.

Men i den avgjerande verdsserie-turneringa i helga gjekk det gale og med minst mogleg margin vart laget dytta ned ein plass.

– Maksimalt uflaks

Dermed forsvann moglegheita for å kvalifisere seg direkte til OL ifølgje Aftenposten, og det får også konsekvensar for dei andre sandvolleyballaga.

No får verken Eithun/Horrem eller Hordvik/Høidalen høve til å spele om ein OL-plass. Det er no usikkert om Norge i det heile får lag i årets OL.

Elitesjef Jon Grydeland seier til avisa at dette er det verste han har vore med på i volleyballsamanheng.

– Det var vond å vere til stades. Det var maksimalt uflaks med alt, eigne marginar og trekninga for dei vi slåst mot, seier Grydeland til Aftenposten.

Brukar tusenvis på OL-satsinga

Draumen om OL har vore ei viktig drivkraft for Eithun og makkeren Iver Horrem. Då NRK snakka med Eithun i april fortalte volleyballspelaren at han ikkje hadde tort å rekne på kor mykje satsinga kostar.

– Eg torer ikkje rekne på kor mykje det kostar, for då ville eg fått dårleg samvit. Men det kostar nokre hundre tusen i året å drive oss som lag, sa Eithun til NRK.no.

Han var allereie då klar på at hovudmålet deira er OL i Rio i 2016, men at det samtidig var ein liten sjanse for at dei kunne kome seg til OL i London allereie til sommaren.

Blir viktige for Norge

Det blir altså ikkje noko tur til London for Eithun/Horrem. Men dei to får no ei viktig rolle for at Norge i det heile skal få med eit sandvolleyballag i OL.

Kontinentalcupen startar i Tyrkia fredag og det er den beste nasjonen som får ein OL-plass.

Norge stiller med laga Eithun/Horrem og Skarlund/Spinnagr og det har lenge vore klart at det er sistnemnde som får OL-plassen viss Norge skal sende noko lag.

Grydeland er trygg på at Eithun og makkeren vil gje sitt for å sikre Norge OL-plass.

– Dei er sjølvsagt skuffa over ikkje å kunne få slåst for eigen OL-plass, men dei er innstilt på å gje alt for at Norge skal få eit lag i OL, seier han til Aftenposten.

Dersom Norge ikkje blir best i Kontinentalcupen finst det ein siste sjanse. Grydeland seier til avisa at nummer to og tre går vidare til ei oppsamlingsrunde i Moskva, der dei spelar mot toarane og trearane frå dei andre kontinentpuljene. Dei to beste herfrå får dei siste OL-plassane-