Hopp til innhold

Det blir fjordspenn over Årdalsfjorden

Krafta frå Offerdal Kraftverk skal gå i fjordspenn over Årdalsfjorden, stikk i strid med ynsket frå Årdal kommune, som ville ha kabel langs fjordbotnen.

Indre Ofredal

HER BLIR DET FJORDSPENN: Krafta frå Offerdal Kraftverk på andre sida av fjorden skal ikkje gå i fjordkabel, slik Årdal kommune ynskte.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I statsråd i dag gav regjeringa Offerdal Kraftverk AS løyve til å byggje kraftverk i bygda Ofredal i Årdal med tilhøyrande kraftoverføring. Og den kraftoverføringa blir altså i eit 2,4 kilometer langt fjordspenn over Årdalsfjorden, opplyser ekspedisjonssjef Per Håkon Høysveen i Olje- og energidepartementet.

– Vi fann ikkje å kunne imøtekome ynsket om kabel i fjorden, men det blir jordkabel på ein del av strekninga inn mot Naddvik.

Utan fjordspenn, kanskje ikkje utbygging

Jacob Hornnes, som er dagleg leiar i Offerdal kraftverk og produksjonssjef i hovudaksjonæren Sognekraft, er glad for at det vart fjordspenn.

– Vi har heile tida håpa at vi skulle få fjordspenn over Årdalsfjorden, fordi det er ganske stor differanse i utbyggingskostnadene for desse to løysingane. Viss vi ikkje hadde fått løyve til fjordspenn kunne det ha sparka beina under heile prosjektet.

– Hadde eit lite håp

Ordførar Arild Ingar Lægreid i Årdal seier han er glad for at det er gitt konsesjon til utbygging av Offerdal Kraftverk.

– Det er viktig for lokalsamfunnet at vi får ei kraftutbygging med dei positive tinga det fører med seg. Når det gjeld sjøkabel kontra linje over fjorden har kommunestyret vore klar på at vi ynskte sjøkabel. Eg hadde eit lite håp om at departementet ville høyre på oss, men slik gjekk det ikkje.

I grunngjevinga for at Offerdal Kraftverk har fått løyve til utbygging seier olje- og energiminister Terje Søviknes at utbygginga vil gi tilgang på meir fornybar kraftproduksjon.

– Det vil og styrke forsyningstryggleiken og skape lønsame arbeidsplassar i regionen. Vasskrafta er ryggrada i kraftsystemet vårt og vil halde fram med å vere det framover.

Kvern i Indre Ofredal

NY UTNYTTING: Indre Ofredalselvi har tidlegare gitt kraft til drift av kvern og sag. No skal krafta utnyttast på ny måte.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

«Fordelar større enn ulemper»

Regjeringa har kome til at dei samfunnsmessige fordelane med utbygging av Offerdal Kraftverk er større enn dei negative verknadene. Det er knytt vilkår til minstevassføring i både Indre og Ytre Ofredalselvi.

– Veldig glade

Dagleg leiar Jacob Hornnes i Offerdal Kraftverk AS er glad for vedtaket.

– Vi som har jobba med dette prosjektet gjennom mange år er veldig glade for at vi i dag har fått ein rettskraftig konsesjon frå Kongen i statsråd.

Offerdal Kraftverk skal nytte vatnet både i indre og ytre Ofredalselvi. Kraftstasjonen får inntak om lag 800 meter over havet i ytre Ofredalselvi og om lag 400 meter over havet i indre Ofredalselvi.

Sognekraft AS eig 80 prosent av kraftselskapet, medan Årdal Energi og Veidekke Entreprenør As eig 10 prosent kvar.

Jacob Hornnes kan enno ikkje seie sikkert når anleggsarbeidet kan ta til.

– Vi har ikkje fått lese vilkåra i konsesjonen enno. Det er ein heil jobb å gjere fram mot eit investeringsvedtak. Vi har ikkje lagt konkret framdriftsplan enno.