NRK Meny
Normal

Det bles ein SP-vind over fylket - gjorde beste fylkestingsval i historien

Senterpartiet har gjort eit brakval og er større enn nokon gong på fylkestinget. Jenny Følling er allereie klar som fylkesordførar, og etter alt å døme får partiet også fleire ordførarar enn i førre periode.

Liv Signe Navarsete, Aleksander Øren Heen og Jenny Følling

BERRE SMIL: Liv Signe Navarsete (t.v.) skryt hemningslaust over innsatsen til partifellene i Sogn og Fjordane. Aleksander Øren Heen kan sjokkere med å ta makta i Årdal, og Jenny Følling er allereie klar som ny fylkesordførar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vallogo

Senterpartiet er tradisjonelt sterke i Sogn og Fjordane, og har sidan 1991 lege mellom 20 og 30 prosent. Resultatet på 33,3 i fylkestingsvalet i år, er langt over den tidlegare toppnoteringa på 29 prosent i 2007.

– Det viser at Senterpartiet har ein sterk posisjon i Sogn og Fjordane, med dyktige politikarar som har vist at dei gjer ein god jobb. Folk har tillit til at dei vil fortsetje å gjere ein god jobb for fylket, meiner stortingsrepresentant og tidlegare partileiar, Liv Signe Navarsete.

Fleire ordførarar?

I førre periode hadde Senterpartiet sju ordførarar. Fem av desse ser trygge ut per no:

Senterpartiet valvake

GLEDE: No skal gleda over dei gode resultata som tikka inn på skjermane i går kveld, gjerast om til resultat i form av fleire ordførarverv.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I Bremanger ligg partiet an til å tape makta til Arbeidarpartiet, medan situasjonen i Hornindal er uklar før forhandlingane er gjennomførte.

Så kva kommunar kan Senterpartiet vinne? Det kan bli langt fleire enn dei to som er trua i Bremanger og Hornindal.

– Det vert skrive historie

Med fem siitjande ordførarar nesten garanterte fire nye år og Solund meir eller mindre i boks, kan Senterpartiet ende opp med om lag 10 ordførarar, kanskje fleire, dersom forhandlingane dei komande dagane gir maksimal utteljing.

– Eg gler meg og kan nesten ikkje tru det er sant, når resultata tikkar inn frå kommunane i indre Sogn og elles rundt i fylket. Det er historie som vert skriven, seier Liv Signe Navarsete.

Spesielt imponert er ho over innsatsen i indre Sogn: Lærdal, Luster og Årdal.

– Eg har følgd Ivar Kvalen i Luster, Aleksander Øren Heen i Årdal og Jan Geir Solheim i min eigen heimkommune Lærdal, gjennom mange år. Dei greier å vere ordførarar for alle samstundes som dei er Senterparti-ordførarar og fører Senterparti-politikk. Dei står fram som fantastiske frontfigurar for flotte grupper i kommunestyra, skryt Navarsete.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast