NRK Meny
Normal

«Det er heilt klart at Arbeidarpartiet ikkje vil støtte ei tvangssamanslåing av kommunar»

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) gjekk i valutspørjinga måndag i rette med sin eigen partileiar. I motsetnad til Jonas Gahr Støre vil ho absolutt ikkje ha nokon tvangssamanslåing av kommunar.

Erlend Blaalid Oldeide og Åshild Kjelsnes

I STUDIO: Erlend Blaalid Oldeide (t.v.) og fylkesordførar Åshild Kjelsnes i NRK sitt valstudio i Førde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Vallogo

Om samanslåing av kommunar:

«Landsmøtet er det øvste organet, og då må ein stole på det. Vi kan alle seie og bli tillagt ting som går lenger enn det ein eigentleg vil seie at er politikken vår. Det er heilt klart at Arbeidarpartiet ikkje vil støtte ei tvangssamanslåing av kommunar.»

Om sal av Fjord1:

«Fjord1 er eit leiande transportselskap i Norge, vi ønskjer at Fjord1 skal styrke sin posisjon og få lov å utvikle seg godt i åra som kjem. No er det ingen grunn for Arbeidarpartiet til å sjå på sal av Fjord1.»

Om skulestrukturen i fylket:

«Vi har sagt veldig klart at opplæring skal skjermast. Det betyr at dersom ein ikkje får ting til å gå i hop så må ein kutte i andre sektorar. Det kan gjelde kultur, samferdsle og for den del tannhelseteneste.»

Om forslaget om ny stamveg frå Årdal til Gudbrandsdalen:

«Dette er tenkt i eit langsiktig perspektiv. Vi må sjå kor breitt landet vårt er, også på vestsida av fjella. Vi lanserer eit ønskje om ei utgreiing som vil vise om dette har livets rett. Nye prosjekt og nye tankar må ha sin fødsel.»

Om kutt i tannhelsetenesta:

«Det er eit samstemt fylkesting som har funne det naudsynt å gjere noko med tannhelsestrukturen og at det truleg vil gå mot ei halvering av talet på tannklinikkar. Så har både eg som fylkesordførar og fleire peika på at vi må sjå inntektssida. Eg har blitt fortalt at med ein ekstra betalande klient kvar dag, så vil vi kunne ha ei inntening i millionklassen på årsbasis.»

Om standarden på fylkesvegane:

«Fylkesordføraren køyrer mykje på vegane, og det er rett at ein god del av dei ikkje er av god nok standard. Men samstundes må vi ikkje seie at det ikkje har skjedd ting i dette fylket dei siste 10 til 20 åra.»

Om eit fylkesting utan seg sjølv:

«Då ville fylkestinget ha mista ein av dei mest erfarne politikarane, så ville ein miste ein person som har vore veldig tydeleg på kva fylket treng.»

Her kan du sjå heile utspørringa i opptak:

Åshild Kjelsnes (Ap) vert spurd ut av reporter Erlend Blaalid Oldeide. NRK Sogn og Fjordane
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.