Hopp til innhold

«Det skal koste mykje å køyre rundt i dei små Mikke Mus-byane våre»

Listetoppane i dei små partia måtte svare på alt frå fjorddeponi til bompengar. Les høgdepunkta eller høyr heile debatten her!

Småpartia blei spurt ut i studio i Førde

LISTETOPPAR: F.v. Stein Malkenes (MDG), Ingunn Kandal (Raudt), Asbjørn Massnes (Kystpartiet) og Bjørg Sølvi Refvik (Dei Kristne)

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Vallogo

Om bompengar:

«Det skal koste mykje å køyre rundt i dei små Mikke Mus-byane våre»

Stein Malkenes (MDG)

Om kutt i fylkeskommunen:

«Tida er overmoden for å få politikarane ut av tunnelane der dei sit og ropar»

Stein Malkenes (MDG)

«Eg synest det vil vere ein veldig rar måte å skaffe pengar på»

Ingunn Kandal (Raudt) om sal av Fjord1

«Det er ikkje aktuelt å kutte i det heile tatt. Eg må ikkje kutte når eg ikkje vil»

Asbjørn Massnes (Kystpartiet)

««Det er så utruleg viktig å oppretthalde skulane rundt om kring»»

Bjørg Sølvi Refvik (Dei Kristne)

Om kommunereform:

«Vi har overhovudet ikkje registrert noko folkekrav om kommunesamanslåing»

Stein Malkenes (MDG)

«Eg sit og lurer om dei på Stortinget ikkje klarer å telje til 426 »

Asbjørn Massnes (Kystpartiet)

Om fjorddeponi i Førdefjorden:

«Store deler av befolkninga reagerer på det dei føler er eit overgrep»

Stein Malkenes (MDG)

«Dei skal ikkje ureine ein heil fjord. Det er veldig opphausa»

Bjørg Sølvi Refvik (Dei Kristne)

«Vi hamnar i verstingklassen om vi tillèt dumping i sjøen»

Ingunn Kandal (Raudt)

Om alkoholpolitikk

«Folk må klare å kome seg heim om natta »

Bjørg Sølvi Refvik (Dei Kristne)