NRK Meny
Normal

Det beste frå debatten i Florø

Under kan du lese nokre av dei saftigaste sitata frå debatten om kommunesamanslåing. Du kan også høyre heile debatten.

Ola Teigen og Jacob Nødseth

NØDSETH: «Eg kan ikkje hugse at nokon har foreslått å mure igjen Naustdalstunnelen», sa Jakob Nødseth under debatten. Her saman med Ola Teigen frå AP.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Vallogo

Aldri har vel Sunnfjord snakka betre saman enn akkurat no. Ola Teigen (Ap), som går inn for Sogn og Fjordane som éin kommune.

I Luster sit det ein gjeng med middelaldrande menn med skjegg, som tenker kortsiktig på sine eigne behov. Då må politikarane skjere gjennom og seie at vi ikkje kan ha politikarar som prioriterer seg sjølv framfor befolkninga. Frank Willy Djuvik (Frp)

Problemet i Sogn og Fjordane er at kysten har blitt nedprioritert. Det er på kysten ein har dei beste føresetnadane for vekst. I staden har ein laga eit kunstig senter i Førde og eit endå kunstigare senter i Leikanger. Jacob Nødseth (Samlingslista i Florø)

Minner om at Førde ikkje er fienden her, det er Oslo. Gunnhild Berge Stang, (Venstre)

Ein grunn til at Sogn og Fjordane er tapt, er fordi at vi ikkje har ein storby. Difor må vi slå saman Flora og Førde. Olve Grotle (H)

Ingenting kan måle seg som arena for samarbeid, utvikling og foreining av krefter som ein felles kommune. Ingenting! Olve Grotle (H)

Det er vel ingen som har vore meir positiv til kommunereform her i fylket enn meg. Ola Teigen (Ap)

Det er ikkje eit rop frå befolkninga som har starta denne prosessen. Det er regjeringa sitt prosjekt. Eit av hovudproblema er tidspresset. Jenny Følling (SP)

Eg kan ikkje hugse at nokon har foreslått å mure igjen Naustdalstunnelen. Jacob Nødseth (Samlingslista i Florø)

Debatten heldt fram på Twitter

Stortingspolitikar for Venstre, Sveinung Rotevatn, har lite tru på Ap sitt forslag om heile fylket som ein kommune.

Laster Twitter-innhold

Aleksander Heen, SP sin listetopp i Årdal, gjekk i klinsj med Djuvik etter debatten.

Laster Twitter-innhold

Heile debatten frå Florø:

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.