Hopp til innhold

Blir ikkje realisert i næraste framtid

– Dette er det beste alternativet, seier Statens vegvesen om nye E39 gjennom Førde. Men det vil ta år før vegen til vel 4 milliardar er klar til bygging.

Nye E39 Moskog

SLIK BLIR VEGEN: t.v.: Kartet syner alternativ 3. t.h.: Strekninga frå Storehaug til Myra.

Foto: Illustrasjon; Sweco

– Per i dag har vi ingen signal som tyder på at vegen vil bli bygd i dei nærmaste åra, seier planleggingsleiar Ingar Hals i Statens vegvesen.

I dag kom Statens vegvesen si tilråding om kvar E39 skal gå i forbi Førde sentrum.

Lange tunnelar

– Tilrådinga frå Statens vegvesen er eit alternativ vi kallar for Myra-Brulandsberget -Viegjerdet. Det startar på FV 57 i Storhaug-krysset i Gaular og går nesten til Jølster grense på Moskog, forklarar Hals.

Det vert ein lang tunnel frå Langeland til Brulandsberget og rett over Jølstra og inn i ein ny tunnel som går til Moskog.

E39 går i dag gjennom sentrum i Førde knytt til riksveg 5 mot Florø. Den låge standarden på vegen gjer at framkomsten for gjennomgangstrafikk er dårleg.

– I vår tilråding legg vi vekt på standard på E39 og på arealbruk i området ved Kronborg. Ut frå dette er alt. 3 Myra – Brulandsberget – Viegjerdet det beste alternativet, står det i koneskvensutredninga.

Sjølv om Hals ikkje veit når nye E39 kan realiserast vil dei kanskje vite meir etter at nasjonal transportplan kjem om ein månad.

Bra for Førde

Ordførar i Førde Olve Grotle meiner Statens vegvesen har gjort eit godt og grundig arbeid og er ikkje overraska over konklusjonen deira.

Ordførar Olve Grotle i Førde

GRUNDIG ARBEID: Ordførar i Førde, Olve Grotle.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg trur alternativet dei har kome med kan vere eit godt og framtidsretta alternativ, seier Grotle.

Det er Førde bystyre som skal vedta dette til sommaren og Grotle ønskjer ikkje å forskotere kva som vil kome fram der. Den delen som ligg i Gaular vert bestemt av Gaular kommunestyre,

– Eg meiner det er nødvendig at vi får ei omlegging og trur det vil vere veldig bra for Førde som senter i fylket. Det vil vere viktig for den interne utviklinga av Førde by, men og viktig sett i eit regionalt og nasjonalt perspektiv, seier Grotle.

Fleire alternativ

Til saman har 14 alternativ blitt vurdert som ei løysing på strekninga. Etter ei vurdering av alternativa viste berre fire av dei ei god måloppnåing.

Alternativa med god måloppnåing og investeringskostnader:

  • 1: Myra–Kronborg–Viegjerdet: 3,9–5,4 mrd kr
  • 3: Myra–Brulandsberget–Viegjerdet: 3,9–5,5 mrd kr
  • 4: Myra–Brulandsberget–Viegjerdet m/arm til Hafstad: 4,6–6,4 mrd kr
  • 6: Myra–Pinndalen–Soleide m/arm til Hafstad: 4,6–6,4 mrd kr.

Dei høge investeringskostnadene skuldast terrenget rundt Førde som då gir lange tunnelar. Og med mykje trafikk gir det krav til høg standard.

– I alternativ 1 kjem ein innpå Kronborg og litt nærare Førde. Dette alternativet kjem minst like godt ut, men vi gjekk vekk ifrå dette då det ville gitt to rundkøyringar og ei strekkje på 1,5 km med 60 km/t. Dette er ikkje ønskjeleg på ein nasjonal hovudveg, fortel Hals.

Dette alternativet vert akseptert av Statens vegvesen. Alle andre alternativ vert frårådd.

(Artikkelen held fram under karta)

Alternativ 3

ALTERNATIV: Her er alternativa som Statens vegvesen jobba med.

Foto: Oversiktskart / Statens vegvesen

Dei fire beste alternativa E39 forbi Førde

DEI BESTE: Desse fire var dei beste alternativa.

Foto: Statens vegvesen / Kart

Kostnader

– I planarbeidet har ikkje vi analysert bompengefinansiering. Det får vi ta når vi ser det som aktuelt. Det som har vore viktig for oss er å få planen på plass og velje alternativ, seier Hals.

Hals påpeikar at dei vel fire milliardane det vil koste for den nye vegen ikkje er veldig høge investeringskostnader samanlikna med andre alternativ.

Dette er eit godt alternativ både for gjennomgangstrafikken på E39 og for trafikken som skal til Førde.

Vanskeleg terreng

Hals seier terrenget rundt Førde med høgdeforskjellar frå Langelandsområdet og ned til Førde og terrenget vidare til Moskog gjer at det vert lange tunnelar for å få den standarden dei ønskjer.

– Då har vi med omsyn til forbikøyringar, trafikktryggleik og krisesituasjonar, lagt opp til to-løpstunnellar, seier han.

Han fortel at det vert dyrt om vegen skal få den funksjonen den bør ha for å fungere som ein nasjonal hovudveg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Slik vil Statens vegvesen legge E39 forbi Bruland.

ILLUSTRAJSJON: Slik vil Statens vegvesen leggje E39 forbi Bruland.

Foto: Illustrasjon / Statens vegvesen

Fornuftig

Vegen vert ein del av Førdepakka som skal finansiere vegar i og rundt byen.

– Eg tykkjer det er eit fornuftig framlegg. Eg er glad for at vi ein gong i framtida slepp å køyre nedover Halbrendslia, seier Oddvar Flæte, styreleiar i Førdepakken.

Han påpeikar at ein kunne ha lagt det nærare, men at ein då ville tatt verdifullt areal.

– Skal Førde kunne utvikle seg som eit regionsenter, trur eg dette var eit rimeleg kompromiss, seier han.

Vidare seier han at E39 er det viktigaste sambandet vi har på Vestlandet.

– Det handlar ikkje om Førde. Det handlar først og fremst om at vi skal ha ein god veg mellom Stavanger og Trondheim, seier Flæte.

Kan ta tid

Rapporten frå Statens vegvesen påpeikar at nybygging av E39 ikkje vil gi noko særleg avlasting av trafikken i Førde sentrum.

Dersom det tek lang tid før ei utbygging av E39 vil skje har Statens vegvesen tilrådingar til aktuelle tiltak ein kan gjere i mellomtida.

  • Etablering av lyskryss i krysset mellom E39 og fv. 609
  • Etablere betre samband frå Halbrend skule til Hogane, evt og til Slåttebakkane.
  • Etablere gangbru på Storehagen bru.
  • Etablere betre samband for gåande og syklande frå Kronborg/Vie inn til Førde sentrum.