NRK Meny
Normal

Desse vikingane kuppa kommunestyret

Dei fire vikingane som hadde møtt opp i kommunestyret i Aurland i dag, fekk svaret dei har venta på i fleire tiår. Draumen om ein vikinglandsby i Gudvangen blir no ein realitet.

Vikingar i kommunestyretz

SPENTE VIKINGAR: Dei fire vikingane følgde spent med før avgjersla fell. Frå venstre Rune Lyseth, avløysar frå Voss, som har brukt all fritida på prosjektet dei siste 7–8 åra, vikinghøvding Georg Olafr Reydarsson Hansen, Shakespeare-skodespelar Adrien Spendlow frå York i England og Tove Guldbrandsen, tidlegare journalist som vart vikingfrelst etter eit oppdrag i bygda.

Foto: Arne Veum / NRK

– Dette gjorde dei siste tjue åra verdt strevet, seier høvdingen sjølv Georg Hansen.

Får leigeavtale på større område

Han flytta til Gudvangen i 1995 med ideen om å byggje ein vikingby. Sidan den gong har han livnært seg som sjølvutnemnt høvding, mellom anna som ansvarleg for vikingmarknaden i Gudvangen.

Det siste halvanna året har han òg jobba som taxisjåfør, i påvente av ei avgjerd i saka som i dag låg på kommunestyret sitt bord.

Vikingane i Gudvangen

VIKING PÅ FULLTID: Georg Hansen har livnært seg som vikinghøvding i nær tjue år, mellom anna som sjef for vikingmarknaden i Gudvangen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

No er ventetida over. Gudvangen utvikling, som står bak vikingprosjektet, vil få ein leigeavtale på eit større område i Gudvangen, som gjer at dei kan gå i gong med planane.

Hansen seier dagens gladmelding betyr enormt for alle dei som har følgt prosjektet opp gjennom åra.

– Vi kan telje 3000 menneske på Facebook som har følgt oss i mange år og vi har minst 200 personar på ei liste som har sagt dei vil komme hit og jobbe gratis, så snart vi kjem i gong, seier Hansen.

Kan legge bak seg år med hindringar

Styreleiar i Gudvangen utvikling, Torill Hylland, er overlykkeleg over at dei endeleg har fått grønt lys.

– Det betyr at vi kan legge alle åra med ørkeslaust arbeid og hindringar bak oss, og gå i gong med det vi vil og kan, seier ho.

Hylland seier dei vil ha tett samarbeid med det lokale vikinglaget i bygda, som er dei som skape liv i vikingbyen utviklingsselskapet skal byggje.

– Utan vikingar blir det ingen vikingtid, så enkelt er det, seier ho.

Nærøyfjorden sett frå Bakka

IDYLL: Om nokre år vil vikinghamna og landsbyen vere noko det første du møter når du kjem inn Nærøyfjorden til Gudvangen.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Veksande interesse for vikingar

Hansen slit med å forklare kor fascinasjonen for vikingane stammar frå. Men han merkar seg at den er veksande, også internasjonalt. Eit døme er TV-serien Vikings, som fekk svimlande 400 millionar sjåarar då den gjekk på lufta i 2013.

– Det er vanskeleg å forklare, for vikingane er ikkje akkurat kjent for å vere hyggjelege folk, seier han.

Sjølv fekk Hansen vekt interessa i tidleg alder.

– Den stammer vel frå min far som var historikar, og frå mi bestemor som gav meg Snorre når eg var tolv år. No er eg seksti og lev ut illusjonen om å vere høvding i Gudvangen. Eg blir behandla og respektert for det over heile verda. Det er både komisk og rørande, seier Hansen, som seier han har vikingfans i Chile og Brasil, som berre kallar han høvdingen.

– Slike ting viser litt kor fascinert folk er av vikingane ute i verda, seier Hansen.

Fra TV-serien "Vikings"

VIKINGSUKSESS: Innspelinga av HBO-serien Vikings kunne ha blitt lagt til Gudvangen, men vart i staden spelt inn i Irland. Suksessen til serien stadfester at interessa for vikingar er større enn nokosinne.

Foto: HBO Nordic

Har planane klare

No har dei halvanna år til å levere byggeplanar og søkje om byggjeløyve. Håpet å vere godt i gong med bygging i midten av juli.

Når alt står klart håpar dei å ha skapt ein vikingby, med eit autentisk langhus, gildehallar, fleire byhus, ei hamn med vikingskip og ein heil horde av vikingar som driv med handverk, skipsbygging og andre aktivitetar som høyrer vikinglivet til.

– Vi har planar om å ta imot eit par tusen turistar kvar dag, eller 250 000 i året, seier Hansen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.