Desse vegane kan verte stengde på kort varsel

Både fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll og fylkesveg 616 mellom Dombestein og Davik kan verte stengde på kort varsel laurdag ettermiddag på grunn av store nedbørsmengder.

Desse vegane kan bli stengde på kort varsel

FØLGJER NØYE MED: Statens vegvesen held eit vake auga med fylkesveg 616 og fylkesveg 609 sidan det er meldt mykje nedbør. Bileta er tekne ved tidlegare stengingar.

Foto: NRK-tipsar/Patryk Smørdal / NRK

– Det er venta mykje nedbør i dag, og då tek vi våre forholdsreglar, seier vakthavande ved Vegtrafikksentralen i Sogn og Fjordane, Jan Erikstad.

Eit lågtrykk frå Island og varmluft frå Karibia vil gje vestlendingane svært dårleg vêr i mange dagar, og både Vêrvarslinga på Vestlandet og NVE held eit vake auga med situasjonen framover.

Melder mykje nedbør i dagevis

Førebels er det meldt mest nedbør søndag.

Vi ventar så mykje som mellom 70 og 100 millimeter nedbør på 24 timar. Måndag og tysdag er det også snakk om mykje, kanskje like mykje. I tillegg vert det vind, seier statsmeteorolog Aslaug Skålevik Valved.

Erikstad understrekar at det førebels ikkje er meldt om korkje ras eller steinar i vegbana på nokon av vegstrekningane.

– Men vi veit at desse to strekningane er spesielt utsette ved mykje nedbør. Entreprenørane her er ekstra merksame på det denne helga, seier Erikstad.

Er spesielt rasutsette

På fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde er det området ved Heilevang og Hundsåna som er spesielt utsett for steinras. Her har det med jamne mellomrom komme fleire små og større ras.

I februar i år synte ei oppteljing at det hadde gått 46 ras på strekninga på under tre år. Sidan då har det fleire gonger komme steinar ned i vegbana.

Geologar har tidlegare uttalt at dersom vegen forbi Heilevang skal bli trygg, må det byggjast tunnel eller rasoverbygg.

Også på fylkesveg 616 har det gått mange ras dei siste åra, og trass i fleire reinskingar i fjellsida, har strekninga med jamne mellomrom vorte stengd på grunn av ras eller rasfare.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.