Desse vegane får pengar

Arbeidet med å utbetre E39 mellom Vadheim og Førde startar mest truleg i 2013.

Ved Torvund

SNART FERDIG: Torvund-Teigen på E39 blir fullfinansiert og skal vere ferdig mot slutten av 2012.

Foto: NRK

I statsbudsjettet er det pengar til vidare planlegging, prosjektering og andre førebuingar med sikte på anleggsstart i 2013. Arbeidet omfattar utbetring av E39 gjennom Ytredalen, rett nord for Vadheim og bygging av ny E39 utanom Sande sentrum i Gaular.

Dei som hadde håpa på anleggsstart alt i 2012 vert nok skuffa.

Liv Signe Navarsete

HAR PENGAR: Kommunalminister Liv Signe Navarsete håper at vegarbeidet kjem raskt i gang.

Foto: Aleksander Andersen / Scanpix

Sp-leiar Liv Signe Navarsete seier at mykje avheng kor raskt ein kjem i gong med førebuingane.

– Det handlar mykje om framdrifta på prosjekteringsarbeidet i året som kjem. Vi ønskjer at dei to prosjekta kan startast opp parallelt, for å få eit rasjonelt arbeid. Det ligg i alle fall inne pengar inne til framdrift, så då er det snakk om å stå på for å komme i gang, seier ho.

Glad for pengar til E39

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde, er ganske nøgd med budsjettframlegget til regjeringa.

– Vi har ein detaljert handlingsplan i Nasjonal Transportplan. Når vi ser korleis dette blir fulgt opp, så ser det så langt bra ut. Her i fylket er vi spesielt glade for at vi får gå vidare med det omfattande arbeidet vi planlegg på E39. I tillegg kjem vi igang med gang- og sykkelvegbygging og den nye brua over Loftesnessundet i Sogndal, seier han.

Slinde seier det meste var kjend frå før, men seier det alltid er spennande å sjå om den politiske leiinga ønskjer å følgje handlingsprogrammet i Nasjonal Transportplan.

– Det er spennande om dei ønskjer å stramme inn eller auke aktiviteten.

Fullfører Torvund -Teigen

Det er også klart at strekninga Torvund-Teigen blir fullfinansiert og ferdigstilt i 2012. Regjeringa føreslår å løyve 120 millionar kroner til denne strekninga på E39. Den 5,5 kilometer lange strekninga mellom Lavik og Vadheim skal opnast for trafikk i desember 2012. Arbeidet omfattar mellom anna ein 2,6 kilometer lang tunnel.

Nye ferjekaiar

Det er også sett av 19 millionar slik at arbeidet med å byggje ny ferjekai på Anda kan halde fram. Regjeringa har og sett av 15 millionar slik at bygging av ny ferjekai i Lavik også kan starte til neste år. Her skal vegen også leggjast utanom sentrum.

Regjeringa føreslår å løyve 200 millionar kroner til ferdiggjering av Kvivsvegen på E39. Anleggsarbeidet tok til i januar 2009. Den 17 kilometer lange vegen mellom Hornindal og Volda skal opnast for trafikk i desember 2012.

Pengar til E16

Det kjem også 215 millionar kroner til arbeidet på E16 mellom Smedalsosen – Maristova–Borlaug. Prosjektet omfattar omlegging av ein om lag 11 kilometer strekning. Utbygginga vil fjerne fire rasutsette punkt på strekninga. Vegarbeidet starta i september i år, og skal etter planen opne for trafikk i 2014.

Prosjektet omfattar også bygging av ei ny rundkøyring på Borlaug og ny bru på riksveg 52.

Regjeringa vil også fullfinansiere utbetringa av E16 på strekninga Seltun–Stuvane i Lærdal.

Nils Magne Slinde

NØGD: Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde, seier budsjettet ser bra ut.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Glad Sogndalsordførar

Regjeringa har og sett av fem millionar kroner til prosjektering av ny Loftesnesbru på riksveg 5 i Sogndal. Etter planen skal arbeidet med å byggje ny bru på den sterkt trafikkerte strekninga starte i 2013.

– Dei fem millionane skal brukast til gjere grunnundersøkjingar slik at vi kan lage anbodsteikningar og lyse ut arbeidet. Men på same måte som på E39, kan vi ikkje lyse det ut på anobd før neste års statsbudsjett ligg føre, seier Nils Magne Slinde.

Også ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll, er glad for at den smale og bratte brua skal erstattast med ei ny bru. Han seier dei har arbeidd mykje med å få på plass løyvinga.

– Dette er ei gledeleg nyheit for oss. Det er svært viktig for oss å få ei oppstartsløyving i 2012 og det har regjeringa svart på i statsbudsjettet i dag, seier han.

Meir pengar til å utvide tunnelar

På riksveg 15 mellom Otta og Måløy ønskjer regjeringa å bruke 109,9 millionar kroner til investeringstiltak. Her ligg det inne pengar til å vidareføre strakstiltaka i Strynefjellstunnelane. Mellom anna skal tunnelhøgda utvidast, vasslekkasjar stoppast og vegbana reparerast.

Det ligg også inne pengar til dei fylkeskommunale vegane. I tillegg er det sett av 400 millionar kroner ekstra til drift og vedlikehald av fylkesvegane samla for alle fylkeskommunane. Sogn og Fjordane fylkeskommune sin del av dette utgjer vel åtte millionar kroner.

E39 Birkeland - Sande

SLIK SKAL VEGEN GÅ: E39 skal leggjast utanom Sande sentrum.

Foto: Statens vegvesen
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.
I Gloppen har alle skular fått sjakkbrett i gåve av sjakklubben. No vil klubben ha sjakk som valfag i skulen.
Aril Sande frå Nordfjord har vore mannskap på Siem Pilot i Middelhavet det siste året.